USA
To studentar vart drepne og ni er kritisk skadde etter at ein person byrja å skyta under eksamen på eliteuniversitetet Brown, på Rhode Island i USA.
Medlemer av etterforskingsteamet til FBI arbeider på åstaden på Brown University i Providence, Rhode Island, etter ei masseskyting som kosta to studentar livet og såra ni andre 13. desember 2025.
Foto: Kyle Mazza/NurPhoto/Shutterstock
Det var laurdag ettermiddag lokal tid at nokon
byrja å skyta på Brown universitetet på Rhode Island i USA. Ifylgje CNN skjedde
skytinga i eit
bygg der ingeniørstudentar sat og hadde avsluttande eksamen.
Under ein pressekonferanse i natt norsk tid, stadfeste politiet at to av dei skotne er drepne
og at åtte er kritisk skadde. Seinare vart det kjend at det også var ein niande
person som var skadd.
Sende tekstmelding til studentar og tilsette

Brown-universitetet har offentleggjort eit kart der dei kjem fram kva delar av universitetsområdet som er nedstengd. Alle som oppheld seg i området må halda seg innandørs til dei får melding om anna, står det i biletteksten.
Kart: Google/Brown universitetet
Det var både tilsette og studentar på
campus då hendinga fann stad.
CNN skriv at tilsette og studentar ved
universitetet fekk ei tekstmelding med oppmoding om å koma seg i tryggleik. I meldinga stod det at dei måtte låsa
dører, setja telefonen på lydlaus og gøym dykk inntil vidare.
«Hugs:
SPRING –
dersom du er i det råka området, evakuer trygt om du kan.
GØYM DEG –
dersom evakuering ikkje er mogleg, søk dekning.
KJEMP – som
siste utveg, grip inn for å verna deg sjølv.»
Delar av universitetsområdet rundt Barus &
Holley vart steng ned, og var ikkje opna att sundag føremiddag.
USA
Universiteter sier nei til Trumps lojalitetspakt
Rektor oppdaterer
Rektor ved eliteuniversitetet la sundag
morgon ut ei pressemelding på nettsidene til universitetet. Der skriv Christina H. Paxson:

Rektor Christina H. Paxson på talarstolen under ein seremoni ved Brown universitetet
Brown university
«Eg kan stadfesta at dei ni medlemene av fellesskapen vår som vart frakta til
lokale sjukehus, alle er studentar. Og me har mist to studentar som fylgje av
dagens øydeleggande skytevåpenvald. Dei har vår medkjensle. Dette er ein dag
prega av djup sorg. Ingen forelder eller familiemedlem burde nokon gong måtta
oppleva ein dag som denne.»
Rektor ved Ivy league-universitetet
skriv òg i meldinga at dei ber foreldre og familiar om å ikkje reisa til universitet,
sidan det framleis ikkje er rekna som trygt.
Lokalt politi trur det at det berre er snakk om ein gjerningsperson. Fleire enn 400
politifolk leitar etter gjerningspersonen, skriv CNN.