Ein høgtrykksvaskar til 10.000 kroner og ei sag av merket Stihl skal ha blitt stole frå båtkaia i Holmedal.

Det opplyser Stine Mari Vårdal, tenestestadsleiar i Askvoll, Fjaler og Hyllestad måndag.

Politiet fekk melding om tjuveriet laurdag, men meldar har opplyst at tjuveriet kan ha skjedd ein gong mellom 7. og 13. desember.

– Vi er heilt i startfasen i etterforskinga og er i dialog med meldaren for å finne ut meir, seier Vårdal.

Per no verkar tjuveriet å vere eit isolert tilfelle, og politiet har ikkje fått informasjon om liknande hendingar i nærområdet.

– Dersom nokon kan ha sett noko eller har tips i saka, så ber vi dei kontakte politiet, avsluttar Vårdal.