Måndag morgon starta straffesaka i Sogn og Fjordane tingrett mot mannen i 40-åra som er tiltalt for seksuelle overgrep mot fleire barn. I førre veke vart saka utvida med ei tilleggstiltale som gjeld ytterlegare éin fornærma. Dermed er det no seks fornærma i straffesaka mot mannen.

NRK melde om erkjenninga først.

– Dette er nokon vi har tidlegare hatt inne som vitne, men som no har erkjent også ha vore fornærma, sa politiadvokat Sissel Kleiven til Firda førre veke.

Då hovudforhandlinga starta måndag, gjekk Kleiven gjennom tiltalepostane, som mellom anna gjeld grove seksuelle overgrep mot barn under 10 og 14 år. På kvar tiltalepost erkjente den tiltalte mannen straffskuld, men forsvarar Svein Holden informerte retten om at tiltalte har enkelte merknadar til visse faktiske forhold knytt til enkelte punkt i tiltalen.

Hovudforhandlinga i straffesaka er planlagd å vare til og med fredag.