Takk for sist.
Me sette pris på at du kom til Lærdal sjukehus i oktober og stilte opp for å møta folket i idrettshallen. Me skriv til deg med von om at du ikkje har gløymt kva det dyktige personalet på sjukehuset vårt gjer for pasientane, og kor sterkt engasjementet er i befolkninga for å behalda sjukehuset som i dag.

Lærdalsordførar Audun Mo hadde besøk at partifelle og helseminister Jan Christian Vestre tidlegare i haust, og er skuffa over at Lærdal sjukehus ikkje vart løfta fram i budsjettprosessen.
Foto: Arkiv
Både utanfor sjukehuset og under folkemøtet lova du oss at det også i framtida skal vera eit sjukehus i Lærdal. Dette løftet tek me på alvor. I ein region som vår treng me sjølvsagt eit sjukehus, ikkje eit distriktsmedisinsk senter.
Som du truleg veit, har Helse Førde no lagt fram rapporten «Prosjekt ortopedi. Samle all ortopedisk aktivitet i Førde sentralsjukehus», der dei føreslår å leggja ned skadepoliklinikken og den ortopediske operasjonsverksemda her. Dei vil flytta desse tenestene til Førde sentralsjukehus. Tiltaket er ikkje grunngjeve i dårleg kvalitet på tenestene her, det handlar utelukkande om økonomi.
På folkemøtet snakka du om «omstilling», men det Helse Førde føreslår no, er nedbygging. Eit banesår. Eller snarare amputasjon.
Under reisa di i Sogn og Fjordane sa du til Nationen: «Eg meiner det er viktig å vere open for å gjere endringar, men føresetnaden er at endringane ikkje svekkjer det samla helsetilbodet og gjer at folk kjenner seg mindre trygge enn før.»
Å fjerna ortopediske operasjonar og skadepoliklinikken frå Lærdal vil sjølvsagt svekkja det samla helsetilbodet og gjera at folk kjenner seg mindre trygge enn før!
Det går fram av helseføretakslova § 30 om «Saker av vesentleg betydning» at «vedtak som kan endre verksemda sin karakter» ligg utanfor styret sitt myndigheitsområde. For oss er det openbert at framlegga frå Helse Førde heilt klart vil ha så store konsekvensar for sjukehuset og for regionen at det kjem inn under denne paragrafen. Etter kva du sa til oss i oktober, forventar me difor at du stoppar eit slikt vedtak i føretaksmøte. Det er du som har dette ansvaret.
Sjukehuset representerer grunnleggjande tryggleik for oss som bur her:
– Det handlar om likeverd og rimeleg avstand til helsehjelp
– Det handlar om å berga liv, når det står om tid
– Det handlar om arbeidsvilkåra for kommunehelsetenesta i heile regionen
– Det handlar om 40–50 viktige kompetansearbeidsplassar i distriktet
Særskilde utfordringar
Sogn og Fjordane har ei spesielt utfordrande geografi. Opptaksområdet til Lærdal sjukehus er nesten 30 000 menneske og dekkjer eit areal på meir enn 7 000 km 2.
Her er hovudfartsårene E16 (med tett tungtrafikk) og riksveg 5. Her er trafikk mellom aust og vest, nord og sør. Ferjesambandet Mannheller–Fodnes er eitt av dei travlaste i landet. Me har storskala turisme og friluftsliv i heile Indre Sogn.
Som helse- og omsorgsminister har du eit ansvar for å sikra at liv og helse i Sogneregionen ikkje vert sett i spel for å betala for ei utbygging av sjukehuset i Sunnfjord.
Altfor lang og for farleg veg til sjukehuset i Førde
Du opplevde sjølv kor utfordrande det var å reisa innom Nordfjord, Førde og Lærdal på ein og same dag i oktober. Du køyrde gjennom fylket i fint vêr, utan ras og vind og nedbør. Korleis trur du det er for sjuke og skadde folk å køyra – eller transporterast i ambulanse – når me må over fjord og fjell på dei lange, vêr- og rasutsette vegane her, året rundt?
Per i dag får over 80 % av omgåande hjelp-pasientane som soknar til Lærdal sjukehus, hjelpa dei treng her. Det er heilt urimeleg at alle desse skal måtte reisa timevis til Førde, med den utryggleiken og forseinkinga av hjelp som avstanden medfører.
Helse Førde skriv: «Dette vil kunne følast som ei ulempe for den enkelte.»
Kor respektlaust er det ikkje overfor befolkninga å kategorisera dette som kjensler, i staden for realitetar? For både born, eldre og familiar er det ei stor påkjenning med auka reiseveg, og det vil i ein del høve vera tvil om ein i det heile teke kjem fram.
Dei same vêrtilhøva som stoppar bil- og ambulansetransport, kan også hindra helikopter i å landa mellom fjella. Og når Lærdalstunnelen vert nattestengd i fleire år framover, vert det ofte vanskeleg å nå fram til Voss og Haukeland. Då har me berre riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen og E39 frå Skei til Førde.
Du treng ikkje ta våre ord for det, du kan lesa i Fylkesmannen si risiko- og sårbarheitsanalyse for Sogn og Fjordane (2017), på side 58, avsnittet som startar:
«Stengde vegar er ein relativt vanleg situasjon i Sogn og Fjordane.»
Når Helse Førde omtalar reisetida frå Lærdal til Førde som to timar og 15 minutt på dagtid, er det med privatbil eller ambulanse på sommarføre og ein god dag.
Og kva med alle som må reisa med kollektivtransport til sjukehuset i Førde frå dei ulike stadene i Sogn? Frå Lærdal må ein ta bussen klokka sju om morgonen for å vera i Førde klokka ti. Og så er me ikkje heime att før 11 timar seinare. Det er ein lang og slitande dag for ein konsultasjon som kanskje tek 20 minutt. For andre lokalsamfunn, som til dømes Årdal, er det ei endå lengre reise.
Og det er sjølvsagt spesielt dei eldre som dette går utover – akkurat den gruppa som du har trekt fram at vi skal ta spesielt omsyn til i planlegginga.
«Samstundes er det slik at også mange pasientar i dag har den same reisebelastinga», skriv Helse Førde i rapporten. Korleis kan den påkjenninga me alt har, vera eit argument for å påføra oss auka belastning?
Kommunehelsetenesta raknar
Ein må gni seg i auga når ein les i rapporten at Helse Førde ikkje trur det vil påverka samhandlinga mellom helseføretaket og kommunehelsetenesta at det er mindre spesialkompetanse til stades på lokalsjukehusa.
Dersom skadepoliklinikken ved Lærdal sjukehus vert lagd ned og heile fagmiljøet rundt ortopedisk operasjonsverksemd forsvinn, er det heilt opplagt at det blir endå vanskelegare enn i dag å rekruttera kommunelegar.
Kven vil påta seg ansvar for pasientar i distrikts-Noreg timevis frå sjukehus som kan gje akutthjelp?
Du er statsråd ikkje berre for sjukehusa, men òg for kommunehelsetenesta. Det er dei som skal møta oss i fyrstelinja, ta vare på dei eldre, rykkja ut i legevakt og til ulukker. I dag har kommunehelsetenesta i Sogn nærleik til Lærdal sjukehus og kjenner kvarandre. At dette ikkje skal påverka samhandlinga når ein flyttar desse funksjonane til Førde, er mildt sagt ynskjetenking.
Sjukehuset vårt raknar
Fagpersonalet på Lærdal sjukehus har vore svært omstillingsvenleg og strekt seg langt for å hjelpa sentralsjukehuset. Det er ventetid for ortopediske operasjonar i helseføretaket. Ortopedane har pendla til Førde og Nordfjord for å bidra med sin spesialkompetanse og arbeidskraft.
Det er ikkje sannsynleg at dette unike fagmiljøet kan oppretthaldast ved flytting av funksjonane til Førde.
Vi ser ikkje problematisert i rapporten korleis aktiviteten til ortopedisk avdeling påverkar resultatet til støtteeiningar som operasjon, anestesi, laboratorietenester, reinhald og vedlikehald.
Kva med beredskapskrav?
Eit amputert sjukehus, med færre tilsette, har også dårlegare totalberedskap ved katastrofesituasjonar. Kor viktig det er med nok personale og fleire faggrupper, såg me tydeleg under den store brannen i Lærdal i 2014. Då vart sjukehuset raskt – og for ein stor del utan formell innkalling – mobilisert til å ta imot fleire hundre pasientar under tilhøve der ein ikkje kunne fått frakta desse pasientane til større sjukehus.
Tilsvarande situasjonar har ein hatt ved tunnelbrannen i Gudvangen og større ulukker.
Produksjonsindustrien i Årdal og verksemder elles i regionen treng beredskapen ved Lærdal sjukehus. Det same gjer turistindustrien. No står ein òg framfor ei risikofylt oppgradering av Lærdalstunnelen.
I ei uroleg tid, med naboland i krig, der både styresmakter og fagfolk ropar om auka beredskap både nasjonalt, lokalt og personleg, er det viktigare enn nokon gong å styrkja lokalsjukehusa si rolle.
For dårleg utgreiing av konsekvensar
Det som er mest skuffande å sjå, er korleis rapporten fer med harelabb over konsekvensane for befolkninga i Sogn og grunnlaget for den vidare drifta av sjukehuset.
Me blir ikkje tekne på alvor. Me vert ofra for botnlinja i rekneskapen. Det vert erkjent at det vert «forseinka oppstart av behandling og tap av tryggleik», spesielt for «skrøpelege eldre og barn og deira pårørande». Men det vert hevda at behandlinga framleis vil vera fagleg forsvarleg.
Medlemmane i prosjektgruppa frå Lærdal har fortenestefullt, i eit eige vedlegg, peikt på at dei konsekvensreduserande tiltaka av ei sentralisering verken er ferdig utgreidde, analyserte eller drøfta. Dette er svært alvorleg og ei ansvarsfråskriving frå fleirtalet i prosjektgruppa.
Gjennom rapporten går det att ulne formuleringar som «kan påverke» og «vil truleg».
Dei «konsekvensreduserande tiltaka» framstår i stor grad som moglegheiter og skisser og fromme ynskje som ikkje skal koste noko.
Det vert til dømes skissert at LIS1-legane på medisinsk avdeling i Lærdal vil kunna vera førstekontakt for omgåande hjelp for ortopediske pasientar etter kontakt med ortoped i bakvakt i Førde – dersom dei får opplæring i ortopedi før dei gjer teneste i Lærdal, og dersom ein får utarbeidd eit system som gjer at bakvakta i Førde har kapasitet til å ta imot telefon. Kvar er realismen og pasienttryggleiken i dette?
Helse Førde vil spara seg til fant ved å seinka flaggskipet
Dei dramatiske konsekvensane dette framlegget vil ha for Lærdal sjukehus og regionen, kan absolutt ikkje rettferdiggjerast av eit høgst teoretisk og lite utgreidd innsparingsanslag på litt over 20 millionar.
Det er lokalsjukehuskannibalisme å seinka sjølvaste flaggskipet i helseføretaket, ortopediavdelinga som me er så stolte av, og samstundes ta skadepoliklinikken.
Dersom føretaket hadde gjennomført den vedtekne tilsetjingsstoppen frå byrjinga av året, ville ein ha spart det dobbelte av det dei no ser føre seg å oppnå ved å øydeleggja sjukehuset vårt.
Administrasjonen i Helse Førde har demonstrert store feil og manglar når det gjeld å halda seg til vedtak (tilsetjingsstopp), budsjettering (feilkalkulering) og økonomistyring (feilvurdering, overforbruk) – lat ikkje heile Sogn få lida for dette!
Det er no du, Jan Christian Vestre, må visa at løftet om eit sjukehus i Lærdal var meir enn ord.