Både som journalist, kommentator og ei redaksjonell drivkraft var han sentral i arbeidet med å gjere Nordlys til ei landsdelsavis. Ei avis som ikkje var til å unngå for alle som ville halde seg orientert om kva som skjedde i nordområda, særleg på kysten og dei enorme havområda utanfor.
Sjølv vart eg kjend med Trond på Norsk Journalisthøgskule (1971- 1973). Neste gong vi møttest, var då eg vart tilsett i Nordlys i februar 1978. Då hadde Trond hatt fast jobb i avisa frå 1973. Som offisersbarn hadde han røter både i Finnmark og Troms. Hit ville han tilbake for å jobbe som journalist. Med seg hadde han kona Katrine Grønneberg, og etter kvart fekk dei også to gutar; Markus og Martin.
Trond gjekk inn i den daglege drifta med liv og lyst, og skaffa seg god oversikt om mange saksområde .Han kom godt ut av det med kollegane, og når tilboda kom sa han ikkje nei til å ta på seg leiaroppgåver. Særleg viktig var den gode tonen med Ivan Kristoffersen som overtok som sjefredaktør i 1982.
Medan Trond var tilsett i Nordlys, fekk han to gonger permisjon for å jobbe som informasjonssjef i Fiskeri- og kystdepartementet. Det var raust, men kunne også vere nyttig sett frå avisa sin ståstad. Siste gongen, i 1987, då kritikken mot norsk kvalfangst rasa for fullt var det Trond som måtte ta brottsjøane av kritiske spørsmål for verdspressa. Då han slo tilbake, reagerte «Dagens Nyheter» med å omtale han som Nordens «buse».
Ved inngangen til 1990-talet peikte Nordlys sine vurderingar mot eit styrka kontor i Oslo frå ein til to faste journalistar. At Trond vart ein av dei, med tittelen politisk redaktør, var ikkje unaturleg. Familien hadde i mellomtida flytta tilbake til Jessheim. Spørsmålet om EU-medlemsskap prega avisa i aukande grad, og det vart mange oppdrag i Brussel. Folkerøystinga hausten 1994 gjekk heim i samsvar med redaktør Kristoffersen i Nordlys sitt råd: Eit klart nei til EU.
Våren 1996 var Trond Wold ein av 10-12 deltakande pressefolk på ein studietur til USA. Her fekk han eit kraftig hjerneslag som kunne kosta han livet der og då. Eit sjukehus i nærleiken hadde folk og utstyr som etter mange timars operasjonar berga livet hans, men helsa var ikkje slik som før.
Trond måtte tilpasse seg kvardagane utanfor arbeidslivet. Han fekk god hjelp av Katrine og familien der sønene og svigerdøtrene hjelpte til så godt dei kunne. For Trond var det viktig å kome ut og treffe andre folk. Han var med i eit sangkor, og på røykehjørnet utanfor dagsenteret var han ein populær formidlar av vitsar og historier nordfrå. Katrine og Trond fekk også tid til å reise saman. Stundom utanlands, men like gjerne til filmfestivalen i Tromsø som i mange år var eit populært reisemål der Trond også kunne møte gamle vener. Det vart også nokre turar til Finnmark, gjerne med hurtigruta.
Mitt siste møte med Trond var seint på vårparten i år. Med meg hadde eg boka «Våt fjøs» som ei helsing frå forfattaren Arild Dag Moe. Boka handla om korleis det var å starte lakseoppdrett på Senja tidleg på 1970-talet, noko Trond også hadde skrive om i Nordlys. Med aukande interesse bladde han i boka som han leita etter noko. Etter ei stund kom ei forklaring. «Her står det heilt tydeleg, og det var dette dei sa den gongen også. Vi visste at vi hadde rett».
Den røynde journalisten var tilbake der han hadde starta opp for over 50 år sidan. Og eg er nokså sikker på at boka vart utlesen same kvelden.