Klokka 17.15 melder politiet om ei trafikkulykke i Hyen i Gloppen kommune.
– Bil skal ha køyrt i sjøen, opplyser Tore-André Brakstad, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Til Firda fortel Brakstad at ulykka skal ha skjedd i eit møte med eit anna køyretøy. Det var ingen samanstøyt mellom bilane.
Bilen skal ha køyrt ut av vegen og gjennom autovernet og hamna i sjøen.
Éin person skal ha vore i bilen og vedkommande har kome seg på land for eiga maskin.
– Vedkommande skal vere uskadd, seier Brakstad.
Bilen ligg delvis i sjøen, om lag halve bilen er under vatn. Brakstad fortel at lokale folk på staden hjelper til med å få bilen opp på land.
– Det er handlekraftige folk på staden og ein traktor skal hjelpe å dra bilen på land, seier Brakstad.
Politiet er i dialog med førar. Det er ingen mistanke om ruskøyring.
Bilen er komen på land og har store materielle skader. Det er også store skader på autovernet.

SKADAR: Det er store skadar på autovernet etter at bilen køyrde gjennom det.
Foto: Julian Fløde