Politiet fekk melding klokka 13.57 måndag om ei trafikkulukke på rv. 5 langs Dalavatnet i Sogndal.
Meldinga kom via ein e-call, som er ein automatisk alarm i køyretøy.
Samstundes fekk politiet oppringing på 112 der nokon opplyste om ei ulukke på staden.
Ambulanse og politi rykte ut. Politiet opplyser at ein person skal ha skade i ein arm.
Brannmannskap er på veg, og trafikken står i begge i retningar. Ifølgje politiet sine første opplysningar var det tre involverte, seinare vart dette endra til to involverte bilar.
Det var ein person i begge bilane, og desse får tilsyn av helsepersonell på staden.
Bergingsbil er rekvirert.
Klokka 14.33 opna vegen igjen.
Les meir om: artikkelemnene