Utmerkinga er ei takk for fleire tiår med tru og utrøytteleg innsats for sjakken på Søre Sunnmøre, skriv sjakklubben i ei pressemelding.
Standal har vore ein del av sjakkmiljøet heilt sidan 1970-talet, frå oppstarten av Volda Sjakklubb i 1972 og gjennom samanslåinga med Ørsta Sjakklag. Gjennom åra har han hatt ei rekkje verv og roller, både i ungdoms- og vaksenklubben, og har vore ein viktig bidragsytar til å byggje opp det miljøet klubben har i dag.
Uunnverleg for klubben
Leiar i Volda Ørsta Sjakklag, Ståle Refsnes, peikar på Standal som ein svært viktig ressurs for klubben. Han trekkjer særleg fram innsatsen for barn og unge, rolla som turneringsdommar og det store engasjementet over tid.
Heldt aktiviteten oppe i ei krevjande tid
Under koronapandemien spelte Standal ei særleg viktig rolle for å halde sjakkaktiviteten i gang. Med kreative løysingar og tett oppfølging av medlemmene bidrog han til at sjakkmiljøet kom seg gjennom ein krevjande periode, og raskt kunne ta opp att aktiviteten då samfunnet opna igjen.
Rørt og stolt
For hovudpersonen sjølv vart æresmedlemskapet ei sterk oppleving.
– Eg er både rørt og stolt over utmerkinga. Sjakken har gitt meg mykje glede og gode fellesskap, og det er kjekt å sjå at interessa står sterkt, seier Standal.
Æresmedlemskapet er den høgaste utmerkinga klubben deler ut, og markerer både takksemd for det arbeidet som er lagt ned, og tru på vidare utvikling av sjakken i regionen.