Saka oppsummert
- Rosita Ervik fekk livet snudd opp ned då ho fekk vite at synet hennar kunne bli sterkt svekka.
- Etter å ha mista håpet om arbeid, fekk ho hjelp frå arbeids- og inkluderingskonsulenten i Brisk.
- Gjennom støtte og kurs er ho no klar for praksis som lettmatros i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans.
- Pilotprosjektet Vaktskiftet jobbar for å redusere utanforskap ved å inkludere fleire i arbeidslivet.
- Prosjektleiar Henrik Dalelid Vedde meiner det er viktig å sjå på dei utanfor som ressursar, ikkje som svake.
- Rosita oppmodar andre i same situasjon til å søkje støtte og hjelp for å finne nye moglegheiter.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
På kaia i Ålesund ser ho draumen kome mot land. Ein brønnbåt frå reiarlaget Sølvtrans.
– Eg blir skikkeleg gira. Eg er heilt klar for å kome i gang, seier Rosita Ervik.
For to år sidan var ho alt anna enn gira.
Rosita Ervik trudde ikkje ho hadde ei framtid i arbeidslivet.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Heilt tilfeldig blei det oppdaga at ho hadde eit gen som ville gjere at synsfeltet hennar sakte men sikkert kom til å bli innsnevra til det nesten var borte.
Ho gjekk i kjellaren og tenkte at ho aldri kom til å kome seg i arbeid att.
– Eg såg ingen moglegheiter. Det var tungt, seier ho.
Mange er utanfor
700.000 personar i arbeidsfør alder er utanfor arbeidsliv eller utdanning her i landet.
Det vil seie at ein av fem er i utanforskap. Det ønsker organisasjonen Kopano å gjere noko med.
Dei er paraplyorganisasjonen til dei leiande arbeids- og inkluderingsbedriftene i landet, og har starta pilotprosjektet Vaktskiftet i Møre og Romsdal.
Prosjektleiar i Vaktskiftet, Henrik Dalelid Vedde.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Målet til prosjektleiar Henrik Dalelid Vedde er at dette skal bli eit landsomfattande prosjekt der inkluderingsbedriftene går saman med næringslivet for å jobbe aktivt med å få folk i utanforskap ut i arbeid.
– Vi må rett og slett ta et krafttak for å redusere utanforskapet, seier han.
Vedde meiner det er eit paradoks at vi har eit stabilt høgt tal på folk som er utanfor, samtidig som mange bransjar skrik etter arbeidskraft.
Han trur også det er viktig at ein ikkje ser på dei som har hamna utanfor som svake, men som ein ressurs.
– Vi må samle oss, ta et steg fram og få folk i arbeid, seier han.
Rosita Ervik, Trine Otterlei og Elisabeth Garnes.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Fekk hjelp
For Rosita Ervik var det arbeids- og inkluderingskonsulenten i Brisk, Elisabeth Garnes, som vart redninga i ein fortvila situasjon.
– Ho har bygd meg opp, gitt meg håp og vilje til å satse.
Ervik har tatt alle kurs som trengs for å reise til sjøs, og har no fått godkjent praksisplass om bord i ein av brønnbåtane til reiarlaget Sølvtrans.
Dermed blir jula feira til sjøs i år.
Ho har også tatt ein ny synstest, og sidan synet ikkje har endra seg på to år, vel ho å tru at genet ikkje skal skape problem for henne.
Trine Otterlei er mannskapssjef hos Sølvtrans.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
Mannskapskoordinator i selskapet, Trine Otterlei, er heilt klar på at mange av dei som har hamna utanfor arbeidslivet kan bli ein stor ressurs. Men nokre gongar kan alle kompetansekrava vere til hinder for at det er mogleg å få til.
– Dei som har eit brennande ønske om å reise på sjøen. Dei må få ein sjanse. Det er dei eg vil ha, seier ho.
Foto: Frederik Ringnes/ NRK
Rørt
Elisabeth Garnes i Brisk har verkeleg trua på prosjektet der næringsliv, Nav og inkluderingsbedrifter samarbeider betre for å gjere vegen tilbake til arbeidslivet lettare for dei som har hamna utanfor.
Ho er svært stolt og glad over det Rosita Ervik har oppnådd, og at ho no er klar for eit liv på havet.
Elisabeth Garnes er veldig glad for at Rosita Ervik no er klar for arbeidslivet igjen.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK
– Det er rørande. Eg kjenner eg blir varm, for det har vore ei reise. Å få jobbe i grensesnittet mellom utanforskap og moglegheitene i arbeidslivet, er fantastisk, seier Garnes.
Ho er omtrent like spent som Rosita Ervik på det som no ventar. Og Ervik har eitt råd til andre som hamanr i same situasjon som ho gjorde:
– Få ein støttespelar. Få hjelp. Då er alt mogleg.
Publisert
17.12.2025, kl. 11.32