Det var ikkje julestemning på det siste styremøtet i 2025, som gjekk føre seg på sjukehuset i Ålesund onsdag.

Rundt styrebordet til Helse Møre og Romdal sat seks representantar og ein direktør. Rett etter lunsj godkjende dei kutta på 410 millionar for å få neste års budsjett i balanse.

Det skal i hovudsak skje gjennom lågare lønnsskostander, færre tilsette, redusert bruk av vikarar og overtid og dessutan strammare drift i klinikkane.

Tre personer sitter samlet i et møterom. En kvinne med oppsatt hår og en lys genser er synlig i forgrunnen. To menn snur hodene mot høyre, den ene i en beige jakke, mens den andre kan sees delvis i bakgrunnen. Omgivelsene er enkle med lyse vegger og et kunstverk i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Tilsettrepresentant Torgeir Sand Aas.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Tilsett-representant Torgeir Sand Aas seier han saknar meir fokus på konsekvensar av dei planlagde kutta i 2026.

– Oppgåva er enorm og ser ut for å bli verre månad for månad, sa han i styremøtet onsdag ettermiddag.

Aas seier administrasjonen har mest fokus på kva som skal gjerast, og ikkje på kva for konsekvensar dette får for pasientane. Saman med dei to andre tilsett-representantane stemte han likevel for budsjettet.

– Har ikkje noko val, ramma er det den er, seier Kjetil Bjørdal, som også er tilsett-representant om vedtaket blei samrøystes vedtatt.

– Bekymringa er mest i kor stor grad eit så stort kutt vil medføre konsekvesnar for pasientar og tilsette. At vi må kutte reelle tilbod til paseintar og seie opp tilsette, seier han.

Møtet finner sted i et rom med flere deltakere rundt et langbord. En person står foran, presenterer informasjon på to storskjermene. Deltakerne bruker bærbare datamaskiner og notater. Rommet har store vinduer som slipper inn dagslys, og det er en juletregren i forgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)B

Dystre økonomi-utsikter på det siste styremøtet i Helse Møre og Romsdal i 2025.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Skal spare ein milliard

Rekneskapstala for Helse Møre og Romsdal er blodraude. I løpet av dei neste tre åra skal det sparast inn nesten ein milliard.

I innstillinga frå administrasjonen heiter det at dette er det mest krevande budsjettet i helseføretaket si historie.

– Det er svært få helseforetak i dette landet som har tilsvarande utfordringar, seier styreleiar Herlof Nilssen.

– Men korleis kan de vedta slike kutt?

– Vi har eigentleg ikkje noko val, vi skal drive innanfor dei rammene vi har, seier han og viser til dei økonomiske rammene som helseføretaket har.

Bildet viser en gruppe mennesker i et møterom. En mann i dress sitter ved et bord og deltar i diskusjonen. Andre personer er synlige i bakgrunnen, men deres ansikter er delvis skjult. Omgivelsene fremstår som en typisk kontorinnstilling med minimalistisk interiør. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Styreleiar Herlof Nilssen seier det er eit svært krevande budsjett.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Sjanse for å ikkje komme i mål

Dei planlagde kutta på 410 millionar i 2026 tilsvarar nesten 300 årsverk, men målet er å klare kutta utan oppseiingar.

Avdelingane har sjølv fått jobben med å peike på kvar dei skal kutte.

Samtidig manglar det framleis konkrete tiltak for ein stor del av innsparingane, og styret åtvarar om høg risiko for at meir omfattande grep kan bli nødvendige dersom måla ikkje blir nådde.

Det står også i styrevedtaket at det er stor sjanse for at ein ikkje klarer å komme i mål med dei planlagde sparetiltaka.

Styreleiar Herlof Nilssen seier det eventuelt vil føre til at innsparinga året etter blir tilsvarande større.

10. desember var det drøftingsmøte mellom Helse Møre og Romsdal og føretakstillitsvalde frå organisasjonane.

Den resulterte i ein kritisk drøftingsprotokoll:

– Fleire klinikkar har per i dag utfordringar knytte til marginal bemanning, stor aktivitet og høgt pasientbelegg. Vi fryktar at nedtak av årsverk kan medføre auka arbeidsbelastning viss resultatet blir eit misforhold mellom oppgåver og ressursar, skriv dei tillitsvalde.

På møtet onsdag kom det fram at sjukefråveret er på nesten 10 prosent i november, og aller høgst var det på Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, med 11,8 prosent.

Problem i kø

Det er den utskjelte Helseplattformen som får deler av skulda for at økonomien no er så anstrengt.

Den har kosta mange milliardar kroner og har fått hard kritikk.

Utgiftene til det nye sjukehuset på Hjelset ser ein også igjen i rekneskapen.

Det er administrerande direktør Lødemel som har lagt fram forslaget om økonomiske kutt på 410 millionar i 2026.

Publisert

17.12.2025, kl. 14.14

Oppdatert

17.12.2025, kl. 15.45