Ein trailer har køyrt i høgdebegrensaren i Sundafjellstunnelen på rv. 5 mellom Florø og Storebru.

– Det skal ha falle gjenstandar ned på bilen bak, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt til Firda.

Kolltveit fortel at det ikkje er meldt om personskade, men at bilen som har blitt treft skal ha fått mindre materielle skadar.

Traileren står 100 meter inn i tunnelen mot Førde.

Trailer og personbil er ute av tunnelen og den er open igjen, melder Kolltveit klokka 17.08.

Politiet har gjennomført avhøyr av dei involverte.

Klokka 17.42 melder politiet at entreprenør er på plass. Dei vil gjere undersøkingar i tunneltaket og stenger dermed tunnelen inntil vidare.

SISTE: Klokka 18.16 melder politiet at tunnelen er open igjen. Dei opprettar sak på hendinga.