Me er inne i den søte juletid, men for tilsette ved sjukehuset i Lærdal er det langt frå søtt. Leiinga i Helse Førde har gjeve dei ei sur karamell å suga på.

For å prøva å forstå kva Helse Førde driv med, har eg lese styringsdokument 2025 for føretaket. Dette dokumentet vart vedteke i føretaksmøte 13. februar 2025. I det følgjande har eg redegjort for kvifor eg meiner at Helse Førde fortener overskrifta mi.

I dette dokumentet kan ein på side 3 lesa om utviklingsretning i Helse Vest. I nest siste linje på sida står følgjande, sitat: «Det er nødvendig å avgrense behovet for vekst i personellressursar dei neste tiåra».

I Sogn Avis 30.09.2025 er det oppsummering frå eit styremøte på Nordfjordeid.

Styremedlem Arne Johannessen stilte der spørsmål om leiinga tok situasjonen på alvor når tilsettinga auka så mykje og det samstundes var ein krevjande økonomisk situasjon. Direktør Varden kunne tydelegvis ikkje gje noko klart svar på kvifor det var tilsett 79 nye medarbeidarar eller kvar dei arbeidde.

I staden, slik eg les avisa, drog han fram at også andre føretak hadde problem. Det er, etter mi meining, ein merkeleg måte å formulera seg på. Han har ansvar for sitt føretak. For å sei det på ein annan måte: Eg kan ikkje forsvara at eg køyrer i 100 km/t i 80-sona fordi kameraten min gjer det.

Når det står så dårleg til økonomisk og leiinga arbeider med store endringar, er det eit minstekrav at folk i Sogn må få opplyst kva dei byggjer sine vurderingar på.

Det vert snakka om alle millionane føretaket må spara, men så langt har det ikkje kome fram kor mykje dei ulike tiltaka vil spara føretaket for utgifter. I utgangspunktet vart ortopedien oppretta for å henta pasientar som stod i kø i andre føretak, men det er ikkje lett å finna så mykje opplysningar på Helse Norge om ortopediaktivitet på Lærdal. Det einaste eg finn er at Førde Sentralsjukehus. (Årsaka kan kanskje vera at eg er dårleg på data.)

På side 4 i styringsdokument er beredskap nemnt som eit risikoområde. Eg tenkjer at det at dette temaet hadde vorte belyst for oss vanlege borgarar. Me bur i eit område der me har risikofaktorar med lange tunnelar, industri og etter kvart eit oppgraderingsarbeid av Lærdalstunnellen.

Me har friskt i minne episodar der Lærdal sjukehus var sentralt for oss her i Sogn. Det var brann i Gudvangatunnellen og seinare brannen på Lærdal. I begge desse tilfella var det mange som fekk hjelp til å reinsa lungene sine etter å ha inhalert røyk. Då var det alle mann til pumpene ved sjukehuset og eg har høyrt talet 2000 personar som fekk hjelp.

Om sommaren er det veldig mykje turistar i regionen vår. Det må det takast høgde for når det gjeld beredskap, spesielt i Aurland kommune. Så kan ein gjerne spørja seg om det er naudsynleg at tenkja på det verste som kan skje. Ja, det er det. På alle andre felt i samfunnet der ordet beredskap vert nytta, må ein det. Personleg meiner eg at beredskap innan helse er utruleg viktig spesielt for oss som bur i grisgrendte strøk.

På side 16 står det, sitat: « Sjukehusa skal ha ein intensivkapasitet som taklar naturlege variasjonar (kva nå det er), og ein beredskap som gjer at sjukehusa ved større kriser raskt kan skalere opp intensivkapasiteten.»

Sitat dei to siste linjene på sida og framhald side 9: «Det desentraliserte spesialisthelsetilbodet skal vidareutviklast gjennom samarbeid mellom store og små sjukehus og mellom spesialisthelsetenesta og kommunane, og ved bruk av digitale løysingar. I 2024 fekk det regionale helseføretaket i oppdrag å vidareføre arbeidet med å vurdere kva elektiv aktivitet som heilt eller delvis kan flyttast til mindre sjukehus.»

Ting kan tyda på at Helse Førde er i ferd med å gjera det motsette av det som står i deira eige oppdragsdokument. Dette er eit resultat av bygging i Førde der renteutgiftene etter kvart har vorte høge. I februar 2021 sa Helse Vest ja til det nye bygget i Førde.

På den tida var renta på eit veldig lågt nivå, eit nivå som alle skjønte ikkje ville halda seg over tid. Det hadde vore interessant å vita kor mange scenario leiinga såg føre seg i forhold til denne problematikken. Privatpersonar som på den tida ynskte bustadlån måtte få vurderingar frå bankane om dei kunne takla renteoppgangar, Om det er slik at Helse Førde berre har dura på med utgangspunkt i låg rente, er det ei stor skam. Renteoppgang kunne ikkje koma som julekvelden på kjerringa?

Det kan òg nemnast at side 25 står det om lån og investeringar. Helse Vest RHF vedtok 22.04.2022 prosedyre for avgjerd og gjennomføring av investeringsprosjekt. Såleis burde det, etter mi meining, vore mogleg å hindra at Helse Førde har kome så skeivt ut. Eller har det vore dårleg planlegging?

Føretaket var pålagde å utarbeida mål for gevinstar ved planlagde investeringar og laga handlingsplanar for korleis desse måla skulle kunna bli realiserte.

Når det gjeld sjølve sjukehusbygget med mange enkeltrom, skal verken Helse Førde eller sitjande regjering få skulda for det. Det var ein trend som starta under den førre regjeringa, men det viste seg at nokre bygg veldig snart hadde for få senger.

Kalnes sjukehus i Austfold starta allereie i 2018 å nytta dei største romma til to-sengs rom. No veit ikkje eg om Helse Førde henta inn røynsler frå andre føretak i forhold til dette med rom. Men ut frå Kalnes, var det ikkje berre positivt med ein-sengs rom.

Med fleire på eitt rom vil ein ha trong for mindre bygningsmasse. Haukeland sjukehus skal rehabiliterast og der uttalte direktøren i Helse Bergen at dei ville planleggja for fire-sengs rom kombinert med enkeltrom.

Som avslutning tek eg med utdrag frå lesarinnlegg Sogn Avis 28.10.2025 (Helseføretaksmodellen – konsekvensar for lokalsjukehusa) Per Anders Todal skriv i Dag og Tid den 17. oktober d.å. at føretaksmodellen har blitt «ein medisin med moderat effekt og alvorlege biverknader». Korleis sjukehustenesta skal organiserast i framtida, er eit ope spørsmål. Men som Todal påpeikar, er ikkje «sjukehusa våre bedrifter, men statlege institusjonar, dei er betalte av folket og er laga for å hjelpe oss når vi blir sjuke».

Det bør både leiinga i føretak og helsestyresmaktene våre ha i mente når dei heretter skal vurdere eventuelle nedleggingar av sjukehusavdelingar og ikkje minst – framtidig organisering av spesialisthelsetenesta.