Familien sand, med blant anna kunstnarane Aune og Vebjørn Sand, får kjøpe Todalen skule av Surnadal kommune for 1 krone.

Det melder avisa Driva.

Formannskapet vedtok salet einstemmig onsdag kveld.

Salet gjeld for sjølve skulebygget og tilhøyrande tomt. Barnehagedelen av eigedommen vil framleis vere kommunal.

Samtidig får familien Sand forkjøpsrett til å kjøpe barnehagebygget til takst dersom kommunen ikkje har funne alternativ bruk innan utgangen av 2027, melder Driva.

Skulen vart lagt ut for sal i 2023.

Kunstnar Aune Sand bekreftar overfor NRK at dei skal kjøpe bygget.

– Det er ei stor ære for familien Aulie-Sand, og vi gler oss til å komme til det vakraste i Noreg, seier han.

Han seier bygget skal bli brukt til mange ting, mellom anna galleri.

– Når vi kunstnarar får æra og tilliten frå kommunen, vil vi gjere alt i vår makt for at bygget skal vere til glede for regionen.

Kunstnaren har allereie planar om å melde flytting til Nordmøre i løpet av dei neste dagane.