Kjøsnestunnelen kan innby til fart og onsdag kveld kosta det tre bilførarar dyrt.
To av dei slapp unna med forenkla førelegg, medan den tredje vert fotgjengar ei stund framover.
Det var mellom klokka 20.30 og 22.40 UP hadde tatt oppstilling i 80 sona i tunnelen på Rv 5 mellom Skei og Kjøsnes.
Den høgste farten av dei to som måtte betala var 96 km/t, medan den som måtte levera frå seg førarkortet vart målt til 141 km/t.
– Det var ein mann i slutten av 30-åra, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord til Sogn Avis på morgonkvisten torsdag.
– Så denne gongen kan me ikkje skulda på ungdomen?
– Nei, dei kan ikkje alltid få skulda, me er nok diverre ikkje betre me heller, seier Rebnord som overlèt til ein jurist å uttala seg om ein så høg fart kan enda med fengselsstraff.