Dei er avgjerande for det grøne skiftet.

EU, Nato, LO, NHO og ikkje minst norske styresmakter ønsker seg gruvedrift på Fensfeltet i Nome i Telemark.

Men kva som skjer med den største dokumenterte førekomsten av sjeldne jordartar i Europa er høgst usikkert.

Bærevann, her kan deponiet komme

Berevatn er eit av alternativa for gruveverksemd.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Grunneigarar fortviler

– Vi har måtta dratt informasjon ut av kommunen, seier grunneigar Nils Olav Bjerva som representerer fleire grunneigarar i ein av stadene kommunen har vurdert for gruvedrift.

Nå er folk utolmodige på å vente på ei avgjerd.

For framleis har ikkje kommunen bestemt seg.

– Vi er opptatte av å gi politikarane våre det beste kunnskapsgrunnlaget for å ta ei avgjerd i val av lokalisering for denne mineralparken, seier Frid Berge, som er kommunalsjef for Samfunnsutvikling.

Kom 250 høyringssvar

Da kommunen nyleg hadde ei høyring om saka kom det 250 ulike innspel.

Denne månaden gjennomførte kommunen derfor dialogmøte med innbyggarane, grunneigarar, foreiningar og idrettslag.

– Det er ein prosess som står og skurrar litt, seier grunneigar Tor Erik Baksås, frå det andre føretrekte alternativet.

Boremaskin på et jorde på Fensfeltet i Nome

Det er tatt ut mange prøver frå Fensfeltet dei siste åra.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Han seier både grunneigarar, gruveselskapet og lokalsamfunnet blir frustrert når det blir lagt band på å eigedommar og lokalsamfunn.

– Ingen veit heilt kor vi skal eller kor vi er, seier han.

Ber staten gripe inn

– Eg trur nokon bør gripe inn og seie at vi nå må skjære gjennom. Og eg trur staten kanskje bør ta ei meir aktiv rolle, seier han.

Også ordføraren vil gjerne ha dei med på laget.

– Eg er heilt einig i at staten må komme på banen og vise kva rolle dei ønsker å ta, seier ordførar Linda Therese Thorstensen.

Linda Therese Thorstensen, Ap, ordfører i Nome

Ordførar Linda Therese Thorstensen er opptatt av å skaffe seg et godt kunnskapsgrunnlag.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Men ho er opptatt av at staten skal bidra med føreseieleg økonomi for prosessen dei køyrer.

For val av areal må kommunen sjølv bestemme, seier ho.

– Det er vi som er lokalpolitikarar i Nome kommune som er best i stand til å gjere eit områdeval.

Det er næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) einig i:

– Skal ein få opp mineralprosjekt så er den lokale forankringa og tilliten avgjerande, seier ho.

Fensfeltet

I fleire år vart det gjennomført prøvetaking på Fensfeltet

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Publisert

18.12.2025, kl. 07.06

Oppdatert

18.12.2025, kl. 10.11