Det melder VG.
Venstre-politikaren legg bak seg ein lang karriere i politikken. 38-åringen har vore nestleiar i Venstre sidan 2020, og har tidlegare vore klima- og miljøminister.
Venstre nådde ikkje over sperregrensa i Hordaland (der Rotevatn stilte til val) under valet i haust, og dermed blei det ingen fornya stortingsplass på politikaren frå Nordfjord.
Årsaka til at han no trekker seg frå vervet som nestleiar i partiet, handlar om tilbod om ny jobb i miljøorganisasjonen Bellona.
– Bellona er partipolitisk uavhengig, og då kan ikkje Bellonas leiar vere sentralt tillitsvald i Venstre, seier Rotevatn til VG.
Firda kjem tilbake med meir.