Oppsummering av saka
- Rundt 7000 born er under barnevernets omsorg i Noreg, og mange blir eksponerte med namn og bilete på nett.
- Foreldre og barnevernskritiske grupper deler sensitive opplysningar, ofte utan konsekvensar.
- Eksponering av born kan vere svært skadeleg og krenkjer personvernet, men få saker blir følgde opp rettsleg.
- Landsforeningen for barnevernsbarn meiner lovverket må styrkast for å beskytte borna betre.
- Datatilsynet og politiet ser ein aukande trend i deling av sensitive opplysningar, men ressursmangel gjer det vanskeleg å handheve regelverket.
- Barnevernstilsette og politifolk blir også eksponerte og utsette for truslar i slike saker.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Rundt 7000 barn er i dag under barnevernets omsorg i Noreg.
I fleire av sakene legg foreldre eller andre vaksenpersonar ut bilete eller andre detaljerte opplysningar om barnet på nett og i sosiale medium.
Datatilsynet seier problemet er aukande.
Særleg dominerer barnevernskritiske facebookgrupper. Nokre grupper er lukka.
Andre er opne og har nærmare 30.000 medlemmer.
Her er nokre døme frå kva foreldre under fullt namn deler opent på sosiale medium og på nett generelt.
- Born blir filma usladda i samband med omsorgsovertakingar der politi og barnevern er til stades. I fleire av videoane gret borna.
- Fleire deler dommar eller andre sensitive opplysingar om barnevernssaka si.
I ein video frå Vestland ser vi eit barn som blir henta av polititenestemenn.
Barnet, som ligg i senga si, yter tilsynelatande motstand mot å bli henta ut.
Namn på mor og born er delt.
Advokat Marie Sølverud seier mora står inne for delinga av barnet med fullt namn og bilete.
Foto: Harald Inderhaug / NRK
Advokaten til mora, Marie Sølverud, seier publisering er gjort i samråd med mor og barn for å tale familiens sak.
– Vi har saman avgjort å stå fram med fullt namn og bilde. Det er ikkje gjort lett, men med fullt alvor.
Sjå fullt svar frå mor sin advokat:
Dette seier mor via advokat Marie Sølverud.
– Det som burde oppta NRK og andre redaksjonar mest, er ikkje at det finst menneske som offentleggjer bilde og namn i barnevernssaker – men kvifor slike tiltak i det heile blir nødvendige.
– Barnet har sjølv verkeleg ønskt å få seie si meining, og vi har saman bestemt å stå fram med fullt namn og bilde. Det er ikkje gjort lett – men med fullt alvor.
– Kva er dei viktigaste argumenta for å publisere?
– Rettstryggleik og ansvarleggjering. Utan offentlegheit er det ingen reell kontroll. Dei mest graverande overgrepa i norsk barnevern skjer ofte i mørke rom utan kritisk innsyn.
Omsynet til barnet sjølv: Det er eit altfor einsidig narrativ at eksponering i seg sjølv er skadeleg.
Prevensjon: Ved å dokumentere overtrampa som skjer, kan ein forhindre at andre born blir utsett for det same.
– Har de vurdert å anonymisere?
– Ja, sjølvsagt. Men anonymisering kan ofte bidra til å oppretthalde det urettferdige bildet av «den svake part» som aldri får ei stemme. Når man opptrer ope, risikerer ein kanskje meir – men ein gir også tyngde og motstandskraft til det som skal fram. Vi har valt å gi barnet eit ansikt. Ei stemme.
– Er det risiko for skade over tid?
– Det kjem an på korleis samfunnet og media forheld seg til slike situasjonar. Skal barn som kjemper mot offentleg maktmisbruk bli straffa med skam og stille? Eller skal dei verte æra for å stå opp mot urett?
Datatilsynet: Eit aukande problem
Folk som meiner dei er hengt ut på nett kan klage inn til Datatilsynet.
Det finst ikkje eigne tal på klagesaker i barnevernssaker, men generelt sett har talet på klagesaker over deling i sosiale medium auka stort dei siste åra.
Statistikken syner kor mange klagesaker Datatilsynet har fått inn sidan 2020 og fram til dags dato i desember. Klagesaker på nettforum, nettsider og bloggar (blå søyle) har auka stort dei siste åra. Datatilsynet gir også rettleiing til folk som opplever uønskt publisering.
Grafikk: Datatilsynet
Datatilsynet følger med på kva som blir delt på nett om born i barnevernssaker.
– Vi ser at denne forma for eksponering er aukande. Det eit problem, seier kommunikasjonsdirektør Janne Stang Dahl.
Ofte er det saker som går langt utover personvernreglane, og som er straffesaker som dermed går vidare til politiet.
I saker som er «ekstremt alvorlege» går Datatilsynet sjølv til politiet.
– Men betyr det at resten av innhaldet som ligg ute er innafor?
– Nei, absolutt ikkje. Men vi behandlar sakene ut frå personvernregelverket, og så har politiet ansvar for straffelova.
Ho seier fleire saker burde blitt slått ned på.
Datatilsynet kan også sjølve gjere tilsyn.
Men med stadig fleire klagesaker på bordet, har dei ikkje ressursar til å ta mange slike tilsyn på eiget initiativ, seier seksjonssjef Ylva Marrable.
Datatilsynet seier at stadig fleire klager på publisering i sosiale medium. Samstundes slit dei med for lite ressursar til å gjere fleire tilsyn i dag, fortel Ylva Marrable i Datatilsynet.
Foto: Ilja C. Hendel
Men i fjor gjorde dei eit tilsyn mot Familiekanalen.
Nettstaden, som sender barnevernskritisk innhald, la ut videoar av born som med fullt namn fortalde om barnevernssaka si.
Datatilsynet gav kanalen pålegg om å avgrense identifiseringa.
Rune Fardal står bak kanalen. Han har fått tilbod om å kommentere saka, men har ikkje svart på NRK sine førespurnader.
Aukar i omfang, men få saker får konsekvensar
Born har eit særskilt vern etter personvernreglane.
Men få saker ser ut til å få rettslege konsekvensar, syner ein gjennomgang som NRK har gjort.
I 2019 kom den første dommen i ei slik type sak. Då blei ei mor dømt for å ha delt bilete og sensitiv informasjon om den sju år gamle dottera si på ei barnevernskritisk Facebook-side.
– Ein prinsipielt viktig dom, uttalte Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar den gong.
Fleire videoar syner at politi og barnevern kjem heim til foreldre i samband med omsorgsovertakingar. Denne situasjonen er henta frå ein norsk familie i Sverige. Bildet er sladda av NRK av omsyn til dei involverte.
Foto: skjermdump sosiale media
Men trass i at fleire seier slike saker aukar på, kjenner korkje Datatilsynet eller andre kjelder til likande saker i tida etterpå.
Heller ikkje Kripos er kjent med kor mange saker som har blitt følgt opp i strafferettssporet.
– Kripos´ nettpatrulje vart avvikla for nokre år sidan, og dette er ikkje eit tema vi har jobba med i seinare tid. Vi har ingen statistikk, seier seniorrådgjevar Jonas Fabritius Christoffersen.
Politidirektoratet svarar dette:
– Vi har ikkje så finkorna statistikkar at vi har fanga opp denne spesifikke kategorien, seier seniorrådgjevar Kåre Magnar Hansen.
Kirsten Kolstad Kvalø er jurist og forskar ved Universitetet i Oslo.
Jurist Kirsten Kolstad Kvalø seier det er fleire lover som kan verne born mot eksponering, men at born også har avgrensa moglegheiter til å ta i bruk rettane sine.
Foto: Norges institusjon for menneskerettigheter
Ho seier at sjølv om det er klare avgrensingar på kva foreldre har lov å dele på nett, så har born avgrensa moglegheiter til å handheve rettane sine.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er urolege over at sensitiv informasjon og bilete av born blir delte på denne måten:
– Det kan vere svært skadeleg, seier divisjonsdirektør i Tove Brusgaard.
Barnevernsbarn: – Lova må styrkast
Landsforeningen for barnevernsbarn (LFB) meiner det nærast er «fritt fram» for foreldre å dele sensitiv informasjon om borna sine.
– Dei kan verte kjente att og mobba, samt at historia alltid blir liggande på nett, seier fungerande leiar Nina Sehested.
Landsforeningen for barnevernsbarn og fungerande leiar Nina Sehested seier delingar på nett kan få store konsekvensar for borna det gjeld.
Foto: Privat / Privat
Som regel kjem berre foreldra sitt syn på saka fram. Borna kan også kome i lojalitetskonflikt med foreldra.
Foreininga ønskjer å styrke rettane til desse borna:
– Det ser ikkje ut som at lova er streng nok, seier Sehested.
Dette seier andre aktørar om problemstillinga:
←
Ole Berg-Rusten / NTB
Barneombod Mina Gerhardsen
Gerhardsen reagerer på eksponeringa av born på nett.
– Når det i tillegg blir delt bilete i svært sårbare situasjonar så meiner vi det er eit overtramp mot barnet sitt privatliv.
I den nye barnelova har barns rett til privatliv blitt endå tydelegare.
– Bufdir har også slått fast at når born er under barnevernet, er det endå større grunn til vere varsam med deling i sosiale medium
Charlotte Førde Skomsøy
Kirsten Kolstad Kvalø, jurist og forskar ved universitetet i Oslo
Strafferetten gir klare avgrensingar på kva foreldre har lov å dele på nett.
– Utanfor strafferetten er det litt uklart kor langt retten vernar barn mot foreldra sin ytringsfridom og rett til respekt for privat- og familieliv.
Personvernregelen seier at ein ikkje kan legge ut bilde og filmar utan samtykke på nett.
Men born har avgrensa moglegheiter til å handheve rettane sine.
Sara Angelica Spilling
Ole Henrik Kråkenes, Fellesorganisasjonen (FO)
Fagforeininga kjenner godt til a barnevernstilsette vert hengt ut og hetsa, og at barnevernssaker blir delte på nett.
– At nokon deler video eller bilde frå det som kanskje er den mest sårbare situasjonen ein kan opphalde seg i, er vanskeleg å sette seg inn i. Det er ei stor belastning for dei tilsette, men også for borna og familiane som er involverte.
→
Kor mange born som blir eksponerte på nett i slike saker, er vanskeleg å slå fast.
Men ei undersøking frå Analyse & Tal frå 2021 syner at over 1600 profilar deler artiklar og videoar om barnevernet. Ein del av det usensurert informasjon om born.
I den konkrete saka om vestlandsmora som delte video av barnet sitt som blei henta, så skjedde deling på nett via ein administrator.
Vedkommande forsvarar denne delinga og seier det er viktig med eit kritisk blikk på barnevernet.
Administrator om deira syn
NRK bruker ikkje namn på administratoren eller nettforumet av omsyn til dei involverte familiane.
«I saker der identitet er offentleggjort, skjer dette aldri utan klare, informerte og dokumenterte samtykke frå forelder med foreldreansvar. Dersom barnet sjølv er gammalt nok til å ha ei sjølvstendig meining, hentast også barnets uttrykkelege ønske inn».
Det skjedde i den aktuelle saka i Vestland, fortel administrator.
Vedkommande legg til at dei på generell basis alltid vurderer anonymisering:
« Men i enkelte saker – særleg der barnet sjølv fleire gonger har bedt om å bli høyrt, skrive brev, kontakta media, varsla institusjonar og domstolar – kan anonymisering bidra til ytterlegare maktubalanse. Det fører til at barnet igjen blir redusert til eit anonymt kasus utan stemme, mens krenkingar frå det offentlege blir halde skjult. I slike tilfelle meiner både familien og vi at openheit er nødvendig for å sikre reell rettstryggleik».
Administrator peiker på desse argumenta for å publisere i alvorlege enkeltsaker:
• Rettstryggleik og offentleg kontroll: Offentlegheit er eit grunnleggjande rettsstatsprinsipp. Barnevernet er eit lukka system, og mange av dei mest alvorlege hendingane skjer utan kritisk innsyn.
• Barnets rett til å bli høyrt: Når barnet aktivt ber om å verte synleg og har forsøkt å varsle gjennom alle tilgjengelege systemkanalar utan å bli høyrt, må dette takast på alvor.
• Risikoen ved stille: Historisk sett har det vore mørket – ikkje lyset – som har gjort størst skade. Skjulte systemsvikt og overgrep i offentleg omsorg utgjer ein betydeleg og dokumentert risiko for barn.
• Prevensjon: Å dokumentere alvorlege overtramp kan forhindre at andre barn blir utsett for det same.
Når det gjeld risiko over tid, peiker administrator på følgande: «Vi forstår argumenta knytt til framtidig skade. Det er ein del av vurderinga i kvar enkeltsak. Samtidig må spørsmålet stillast:
Kva er mest skadeleg for barnet over tid – at overgrep frå det offentlege blir verande skjult, eller at barnet blir høyrt og trudd?».
Administrator seier at alt av innlegg må godkjennast av administrator. «Men kva som blir lagt til i kommentarfeltet i etterkant har vi ikkje styring på, men vi ryddar i kommentarar».
Politi: – Noko av det vanskelegaste vi gjer
Politifolk som hjelper til når born blir henta frå heimane sine, blir også eksponerte på nett med video, bilete og andre identifiserande opplysningar.
Lars Morten Lothe, leiar for geografisk eining i Vest politidistrikt, seier dette er utfordrande for dei på fleire plan.
Politisjef i Vestland, Lars Morten Lothe, trur dei fleste forstår korleis det er å bli filma når dei skal utføre «den vanskelegaste oppgåva dei kanskje har gjort på lenge». Før videoen så blir lagt ut på nett.
Foto: Mats Arnesen / NRK
– Desse oppdraga er noko av de vanskelegaste politiet gjennomfører, seier Lothe.
Barnevernsleiar Hanne Jaerson i Larvik kjenner godt til at foreldre deler utleverande informasjon om borna sine på nett, til dømes sensitive dokument frå barnevernssaker.
Barnevernsleiar Hanne Jaerson seier ho har full forståing for at foreldre kan vere sinte og frustrerte, men at det bikkar når dei legg ut truslar og andre sensitive ting på nett om barnevernssaka si.
Foto: Privat / NRK
– Det er veldig utleverande og det blir liggande på nett. Desse foreldra tek ei avgjerd på vegner av barnet sitt, og mange av dei har ikkje moglegheit til å motsette seg det.
Også dei barnevernstilsette blir hengt ut på nett med namn, bilete og video i slike saker.
Sjølv fekk ho ein drapstrugsel i sommar. Denne opplevinga blei først omtalt av Østlands-Posten.
Denne trugselen fekk barnevernsleiaren tilsendt. Saka blei lagt vekk.
Foto: Skjermdump
Saka vart skrinlagd etter bevisets stilling.
Etter at saka om henne vart publisert har det kome nye innlegg i sosiale grupper på nett.
Publisert
18.12.2025, kl. 15.54