Vest politidistrikt melder klokka 19:23 at det har vore ei trafikkulykke mellom to bilar, der den eine bilen har hamna på taket.
Ulykka skal ha skjedd ein stad langs riksveg 13 i Ullensvang.
Det er i alt fire personar involvert.
Naudetatar er på veg mot staden.
Klokka 19:36 melder Vegtrafikksentralen at vegen kan stenge på kort varsel grunna innsats på staden.
– Per no er bilane utanfor vegbanen, opplyser VTS til HF.
– Meldinga kom inn til politiet klokka 19:12. Personane har kome seg ut av bilane og er medvitne, opplyser politistasjonssjef ved Hardanger politistasjon, Øystein Torsnes.
Klokka 21:10 melder politiet at ein person er flydd til Stavanger sjukehus.
– Ulykka har truleg skjedd i forbindelse med forbikøyring. Mykje tyder på at det har vore mykje energi inni bildet, då det ligg mange deler spreidd over eit stort område, melder politiet.
Hardanger Folkeblad oppdaterer saka.
Les meir om: artikkelemnene