Dei tre kommunane Gjøvik, Østre Toten og Vestre Toten har bestemt seg for å gå vidare med planane om ei kommunesamanslåing frå 1. januar 2028.
Det blei klart etter at kommunane onsdag og torsdag har halde kommunestyremøte.
Kommunane har lenge vore i dialog om å bli til ei storkommune. Dei er komen til «Fase 2». I desse dagar har temaet i kommunane vore om dei skal vidare til tredje fase som mellom anna inneber folkeavstemmingar.
No har alle tre kommunane stemt for å halde fram med utgreiingane. Men det var ikkje heilt utan motstand.
Ordførar i Østre Toten, Bror Helgestad (Sp), ordførar i Gjøvik, Anne Bjertnæs (H) og ordførar i Vestre Toten, Tonje Bergum Jahr (Ap) under eit folkemøte hausten 2025.
Foto: Terje Gording Hong / NRK
Ville utsette saka
Sist ut om å bestemme seg var Vestre Toten som hadde sitt kommunestyremøte torsdag. Arbeidarpartiet kom med forslag om å utsette neste fase til etter kommune- og fylkestingsvalet i 2027.
Stian Pettersbakken, som er gruppeleiar for Ap i kommunen seier dei meiner det er for dårleg tid både for innbyggarane og politikarane.
– Prosessen er altfor ambisiøs, og tilbakemeldingane i alle samanhengar i prosessen har så langt vore at vi har for dårleg tid.
Han seier han er både skuffa og overraska over at kommunestyret likevel kom fram til å halde fram til neste fase.
Ordførar i Vestre Toten, Tonje Bergum Jahr (Ap).
Foto: Knut Røsrud / NRK
Partiet fekk kritikk for å ville utsette, mellom anna frå Svein Erik Sørensen i Frp. Arbeidarpartiordførar Tonje Bergum Jahr svara frå talarstolen at kommunen må gjere sine eigne sjølvstendige val, sjølv om dei to andre kommunane hadde vedteke å halde fram
19 stemde for og 12 mot å gå vidare til fase 3. Berre Raudt og Arbeidarpartiet stemte mot.
Meiner det ville stoppa heile prosessen
Ahmed Haruun er gruppeleiar for SV. Han seier gruppa har vore delt. Men han meiner sjølv det er rett å gå vidare til såkalla «Fase 3», for å finne ut kva fordeler det kan ha å slå seg saman.
– Eg tenker at dette er veldig viktig for oss, også viktig for meg som kommunestyrerepresentant. Vi har krevjande kommuneøkonomi, og så er det auka krav til kompetanse, rekruttering og robuste tenester, seier Haruun.
Ahmed Haruun Ali (SV) og Dorte Ødegaard Benckert (Sp) under behandlinga torsdag i Vestre Toten.
Foto: Knut Erik Røsrud / NRK
Han var ikkje einige i å utsette det heile då dei allereie er i ein prosess.
Senterpartiet meiner også det er viktig å halde fram med undersøkingane. Dorthe Ødegård Benckert, som er gruppeleiar i Sp seier å utsette prosessen ville vore å stoppe den.
– Vi ønsker eit breitt grunnlag for å gå inn i ein folkeavstemming med breiast mogleg kunnskap om avgjerda som kan takast.
Usemje også i dei andre kommunane
Også i Gjøvik var det motstand. Der kom det forslag om å stoppe prosessen. Hans Olav Lahlum i SV kom med forslaget, men fekk berre støtte frå 6 mot 34 stemmer.
– Vi meiner ein bør avslutte prosessen utan å bruke meir tid og pengar på dette, sa Hans Olav Lahlum i SV da saka blei behandla i Gjøvik.
Der enda det med at 34 stemte for å gå til fase 3 og berre 6 var imot.
Splittinga var stor i Østre Toten. 16 mot 13 stemmer avgjorde at dei ville gå vidare i prosessen.
No ser ordførar Anne Bjertnæs (H) i Gjøvik fram til å sette seg rundt forhandlingsbordet med naboane.
– Det er nokre ting vi er nøydde til å ta stilling til, som: namn på kommunen, politisk styring og viktige målsettingar for den framtidige kommunen, seier ho til NRK.
Ordførar i Gjøvik, Anne Bjertnæs (H).
Foto: Frode Meskau / NRK
Bjertnæs meiner ei samanslåing vil gjere regionen langt meir attraktiv å jobbe i, og får støtte frå ordførar i Østre Toten, Bror Helgestad (Sp).
– Vi kan bli ein meir attraktiv region. Ein samla kommune vil ha større tyngde i kampen om arbeidsplassar, investeringar til veg og statlege midlar til ulike formål, sa Helgestad under kommunestyremøtet onsdag.
Kva meiner du den nye kommunen bør heite?
Gjøvik kommune
Stor Gjøvik kommune
Toten kommune
Vestoppland kommune
Raufoss kommune
Noe annet/vet ikke
Vis resultat
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet.
Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener,
og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Forhandlingar og folkeavstemming
Dei tre kommunane skal no sete seg rundt forhandlingsbordet for å bli samde om ein intensjonsavtale. Denne avtalen skal vera ferdig innan utgangen av januar 2026.
28. februar skal dei tre kommunestyra behandla og vedta intensjonsavtalen.
Blir intensjonsavtalen vedteken, skal ei rådgivande folkeavstemming haldast i dei tre kommunane, før eit eventuelt endeleg vedtak om samanslåing finn stad 31. mai 2026.
Våren 2026 kan det bli halde val i dei tre kommunane for om ein skal slå seg saman, eller ikkje.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Publisert
18.12.2025, kl. 13.56
Oppdatert
18.12.2025, kl. 18.12