Eg må slå alarm om bergensdialekten.
Illustrasjon: Tord TorpePublisert: Publisert:
For mindre enn 50 minutter siden
– Er det ein TV du har i bakgrunnen?
Det er ettermiddag, men eg har ein politikar på tråden om ei sak. Brått blir me avbrotne av ein unge som kjem inn i rommet med tusen spørsmål.
– Eh, nei, det er eine ungen min, seier eg, medan eg skuflar han opp til far for å få svar.
– Hæ? Snakkar ungane dine austlandsk?
Omgitt av austlendingar
Det er eitt av dei største mysteria i mitt liv.
Eg har to barn, fødde og oppvaksne i Bergen. Sjølv snakkar eg sunnhordlandsk, far er frå Sunnfjord. Men ungane våre er austlendingar.
Dei seier «hvordan», «dere», «hva», og driv sporadisk med retroreflekse lydar – altså samantrekking av -rn, -rt, -rd. Tonefallet er langt frå det bergenske.
Høyr bergenske barn snakke, og du vil ofte høyre at dei har ein heilt annan dialekt enn du forventar. Foto: Rune Sævig (arkiv)
Les også
Faktafeil, skrivefeil og språkfantasier får alarmen til å gå hos Språkrådet.
Og dei er ikkje åleine. Eg vil anslå at rundt halvparten av ungane rundt meg høyrest ut som austlendingar.
Midt i tjukke Bergen.
Kor i alle dagar gjekk det gale?
Er det oss foreldre?
Eg har lenge leita etter eit mønster.
Ein god hypotese er at mangelen på bergensk innverknad heimanfrå er det som øydela ungane mine? Begge me foreldra er jo innflyttarar.
Nabojenta med to bergenske foreldre har dialekten heilt på stell. Også fleire av dei med berre éin bergensar heime, har også skarring, «esje», og tonefallet på plass.
Men, vent! Eg kjenner også fleire barn med både éin og to bergenske foreldre, som snakkar reint austlandsk.
Ja, er det Bergen? Etter dialekta å døme kan ein byrje å lure. Foto: Rune Sævig (arkiv)
Å vere eksponert for bergensdialekt heime, verkar ikkje å vere ein sikker nok metode.
Det verkar heller ikkje å vere nødvendig. I barnehagen ser eg barn med norsk som andrespråk, men som likevel har den breiaste bergenske uttalen eg har høyrt på lenge.
Noko kan vere i emning
Eg kjem ikkje lenger med mi anekdotiske forsking. Så eg ringar ein ekte ekspert – med bergensdialekt.
Språkprofessor Agnete Nesse ved Universitetet i Bergen har forska på bergensdialekten, som alltid har vore i endring.
Professor Agnete Nesse er ekspert på bergensk. Foto: Ørjan Deisz (arkiv)
Les også
Språkrådet: Tekoligark er årets ord
Ho gir meg rett i at det kan verke som om bergensdialekten er i ferd med å ta ei ny retning.
«Eit diffust språksamfunn»
Diverre finst det ingen forsking på fenomenet, men Nesse meiner fleire faktorar spelar inn samstundes:
Les hele saken med abonnement
Allerede abonnent? Logg inn