Men før formannskapsmøtet onsdag var det fakkeltog for å behalde kjøkkentenesta ved institusjonane i Nesset og Midsund.
Bodskapen frå tilsette og pårørande var at dei ville behalde den lokale kjøkkentenesta og med det kortreist mat til bebuarane.
Det fekk dei langt på veg medhald i, om ikkje i formannskapet. Der var det fleirtal for å legge ned kjøkkentenesta, og kjøpte desse frå eksterne leverandørar.
Onsdag kveld kom fleirtalet Høgre, Arbeidarpartiet, KrF og Venstre, til at tilbodet i Midsund og Nesset likevel skal bestå som i dag. Og formannskapet opna for at institusjonane i Molde sentrum skal få maten frå Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.
Kjempa for sentrum
Før dagens møte var kanskje ikkje protestantane like mange eller like høgrøysta, men på tilhøyrarbenkane var det likevel godt med folk. Og kokkane Marit Stavik Hansen, ved Bergmo, og Linda Grimsmo ved Glomstua, begge i Molde sentrum, er klare i sin tale.
Kokkane Linda Grimsmo og Marit Stavik Hansen meiner fleksibilitet og erfaring går tapt.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK
– Vi ser på det som krise i eldreomsorga, seier Stavik Hansen. Ho fortel at Bergmo lagar mat til rundt 200 personar.
– Både vi og Glomstua lagar kjapt nye diettar og individuelt tilpassa kost.
Dei to er samde om at det er krise å frå mat frå eksterne aktørar.
– Dei kan ikkje levere det vi leverer, seier Grimsmo. Vi leverer ein del som politikarane ikkje er klar over, og det blir ikkje merka før vi er borte, og då er det for seint. Det som går tapt er både fleksibilitet og erfaring.
Grimsmo og Stavik Hansen seier bygdene har vore flinkare til å kjempe for si sak, medan ein i byen kanskje ikkje har vore like klar over kven dette går ut over.
Dei vedgår at dei skulle vore flinkare til å gå i fakkeltog, som i Midsund og Nesset, som fekk snudd politikarane.
Føler seg gløymde av politikarane
Stavik Hansen og Grimsmo meiner at mottakarane av maten er gløymde, og føler seg seg sjølv gløymde, sjølv om dei hadde eit håp heilt fram til avgjerda i kommunestyret blei tatt.
Det håpet blei sløkt då det blei vedtatt at Midsund og Nesset får behalde sine kjøkken, medan dei sentrumsnære omsorgsinstitusjonane i Molde kjem til å få maten frå SNR. Stemmetala var 33 – 16.
Høgre-ordførar Trygve Grydeland og fleirtalet avgjorde at SNR skal levere maten i Molde sentrum.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK
– Alle kjøkken består, og produksjonen i Midsund og Nesset held fram som no, seier ordførar Trygve Grydeland frå Høgre. Så skal vi prøve å få til eit samarbeid med helseføretaket med tanke på middagsmåltida til dei øvrige.
Han trur aspektet med arbeidsplassar slo sterkare ut i Midsund og Nesset, og at det er årsaka til større mobilisering der.
Publisert
18.12.2025, kl. 15.42
Oppdatert
18.12.2025, kl. 16.16