Etter meir enn to veker med nasen i paragrafar og lovtekst, konkluderte kommuneadvokaten i Bergen.

Ja, slik kommuneadvokaten tolkar offentleglova, pliktar kommunen å levera ut dialogen hovudverneombod May Britt Kindem har hatt med Bergens Tidende.

Bakgrunnen for vurderinga er at ein anonym person, med det komiske digitale pseudonymet «skbrannforever» har kravd innsyn i dialogen hovudverneombodet hadde med avisa.

Kindem vart bede om å overlevera e-postar og tekstmeldingane ho hadde utveksla med avisa oppover i det kommunale systemet, slik at den juridiske ekspertisen kunne konkludera med om det var grunnlag for innsyn eller ikkje.

Det sa May Britt Kindem heldigvis nei til, noko som resulterte i at kommuneadvokaten fekk i oppdrag å sjå nærmare på saka.

Konklusjonen til kommuneadvokaten er at dialogen er omfatta av offentleglova, og at kommunen pliktar å utlevera dokumenta, så sant det ikkje skulle vera noko med innhaldet som tilseier noko anna.

Kjernen i denne konklusjonen er at kommuneadvokaten meiner at kommunikasjonen verneombodet har hatt med pressa må reknast som ein del av den kommunale saksbehandlinga.

Det er eit premiss som ein kan lika eller ikkje lika.

May Britt Kindem, hovedverneombud i Bergen kommune, betegner bruddene som alvorlige. Nav-rapport klar: Ikke gjort nok for å forebygge vold og trusler Tilsynsrapporten etter knivangrepet på Nav Årstad er klar. – Alvorlige brudd, mener hovedverneombud.

May Britt Kindem, hovudverneombud i Bergen kommune, nekta å gje frå seg kommunikasjonen ho har hatt med BT. No er det byrådsleiaren som nektar å lytta til dei juridiske råda frå kommuneadvokaten.
Foto: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN

Dersom konklusjonen til kommuneadvokaten faktisk er riktig, er det skremmande hol i lovverket som er avdekka.

Det høyrer nemleg ingen plass heime at verken kommunale leiarar eller offentlegheita skal kunna snoka i eit verneombod sin dialog med verken tilsette ved arbeidsplassen eller pressa. Verneomboda gjer nemleg ein særs viktig jobb når det gjeld å sjå til at arbeidsmiljølova vert følgt på norske arbeidsplassar.

Dersom Kindem ikkje hadde vore i ombodsrolla, men vore tillitsvalt, konkluderer derimot kommuneadvokaten annleis. Kommuneadvokaten meiner altså at lova gjev fagforeiningsarbeid eit tydelegare vern enn tilfellet er for verneombod.

Medan me andre er utstyrte med ytringsfridom, er verneomboda utstyrt med noko så sjeldan som ytringsplikt.

Det inneber at dei pliktar å varsla dersom dei skulle oppdaga noko kritikkverdig. Ein del av jobben kan vera å varsla pressa.

Om denne dialogen faktisk vert rekna som offentleg, vil det potensielt undergrava den viktige jobben til verneombodet.

At det vert opna for innsyn i dialog med pressa kan òg utfordra det viktige prinsippet om kjeldevern.

Derfor gjer Christine Meyer det einaste rette når ho likevel nektar å tvinga Kindem til å levera frå seg korrespondansen. I staden for å oppføra seg som ein regelryttar på autopilot, oppfører byrådsleiaren seg som ein prinsippfast politikar.

Det er faktisk ein viktig grunn til at det er valte politikarar og ikkje tilsette juristar som styrer norske kommunar.

I staden for å akseptera følgene av kommuneadvokaten sin konklusjon, vel heller Meyer å avslå kravet om innsyn, og heller løfta saka til arbeidsministeren og justisministeren.

No vert det opp til regjeringa å konkludera, medan den anonyme personen som har kravd innsyn kan velja å klaga til Statsforvaltaren eller Sivilombodet.

Enkelte, mellom andre Raudt, hevdar at Meyer ikkje burde trenga ei avklaring frå kommuneadvokaten før ho konkluderte om at verneombodet ikkje er ein del av den kommunale saksbehandlinga.

Når kommuneadvokaten faktisk konkluderer med det motsette, står det tvert i mot respekt av at Meyer vel å rakrygga forsvara viktige prinsipp.

At Bergen kommune har gjort ei grundig juridisk vurdering er bra. Uavhengig av om me likar konklusjonen eller ikkje.

No må regjeringa anten komma tilbake med avklaringar som sikrar vernet til verneomboda på norske offentlege arbeidsplassar, eller ta initiativ til lovendringar som sikrar dette.

Dermed kan det som har vore ei kjip sak for varslingsinstituttet og verneomboda si rolle, verta det motsette. Nemleg ei tydeleggjering av eit tydeleg vern for verneomboda og varslarar.

I mellomtida kan òg me i pressa vera ein smule audmjuke. Som regel er journalistar og redaktørar dei som står øvst på barrikadane når offentlege organ argumenterer med at offentlegheita ikkje har rett til innsyn.

No argumenterer eg og andre i pressa for det motsette, når det kanskje ikkje er i pressa si interesse med full openheit.

Byrådsleiar Christine Meyer skal ha takk for at ho ser ut til å forstå både pressa og verneomboda si viktige rolle i denne saka, i staden for å slavisk følga den juridiske vurderinga.

Å ikkje følga lovar og reglar er noko kommunar kan få svi for, nettopp derfor er det bra at Meyer vågar å vera prinsipiell.

Håpet er at det kan styrka vernet om både varslarar, verneombod og journalistikken. I så fall kan ei kjip sak i Bergen ha bidrege til noko bra.

Les også

Her må Meyer rett og slett visa ryggrad som leiar