I konkurranse med artistar som Lady Gaga, Zara Larsson og Selena Gomez kan Aksel Arvid Hauge frå Bremanger få sitt store internasjonale gjennombrot under Grammy Awards i Los Angeles 1. februar.
Musikkprodusenten er for tida heime i Iglandsvik i Bremanger, og kjenner for alvor på kontrastane mellom det hektiske livet i storbyane i USA til roa ein finn i Bremanger. Noko som også er sjølve nerven i hans produksjonar, fortalde han då han mottok Furorestipendet på 100.000 kroner denne veka. Det skriv Sparebank 1 Sogn og Fjordane i ei pressemelding.
Vart overraska med stipend
– Om det er i Los Angeles eller New York, så finn du aldri den roa som du har her ute. Det er her eg hentar inspirasjon. Anten i studioet mitt eller på turar i fjellet bak huset, fortel 23-åringen.
– Hæhh? Furorestipendet? Så fantastisk då. Dette hadde eg ikkje venta meg. Då det ringde på døra, så tenkte eg at det sikkert berre er julegjestar som stikk innom for å slå av ein prat. Og så får eg dette stipendet. Fy søren, eg er så takksam!
Det er dei spontane orda frå Hauge då kunderådgjevaren i Sparebank 1 Sogn og Fjordane, Linda Stenseth, les opp grunngjevinga frå Furorekomiteen for utdelinga.
Blant dei beste
For tilbake til det som skal skje 1. februar. Då vert Grammy Awards arrangert i Los Angeles og bremangerguten Aksel Arvid Hauge er nominert i to kategoriar, saman med den britiske artisten Pink Pantheress: beste pop- og beste dance/electric -album.
-Det er sjølvsagt stas å hamne i eit slikt selskap, spesielt når eg ser at musikarar som Lady Gaga, Selena Gomez, Zara Larsson og Tate McRae er dei andre nominerte. Men låta «Illegal» med Pink Pantheress har verkeleg blitt populær, og har også hamna på BillBoard-lista no, seier Furorevinnaren audmjukt.
Tusenvis av timar
Han kan elles fortelje at hans belgiske manager akkurat har vore på vitjing i Iglandsvika nokre dagar, og at artisten Pink Pantheress også har vore i Bremanger.
– Og kanskje ho kjem igjen. Det er aldri godt å vite om det passar inn i timeplanen. Men vi skal ikkje snakke så mykje om kva som skjer framover i tid, seier han løyndomsfullt, og vedgår at det ligg mange års arbeid bak det han opplever for tida.
Noko ikkje minst foreldra hans kan skrive under på.
– Dei fortel at for å nå toppen, så trengst det så og så mange tusen timar med trening. Noko iallfall Aksel Arvid har. Etter ungdomsskulen har han nærast hatt tilhald i studioet sitt. Han skippa vidaregåande skule, og satsa alt på musikken. No ser vi verkeleg resultat, seier pappa Rolf Vedvik.
Vedvik er sjølv trommeslagar i bremangergruppa «Spik Adel».
– Musikken er veldig viktig for meg
– Snakk om å få både julegåve og bursdagsgåve på same tid med dette stipendet! Eg fyller 24 år på søndag, så dette kunne ikkje blitt betre. Så tusen, tusen takk igjen, smiler Aksel Arvid Hauge, som over nyttår set kursen tilbake til USA..
Furorestipendet er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sitt personlege stipend, og vert utdelt framifrå utøvarar i alderen 15 til 30 år i kategoriane musikk, idrett, utdanning/forsking og open klasse.
Grunngjevinga frå komiteen:
Dette er grunngjevinga for Aksel Arvid Hauge frå Furorekomiteen:
Aksel Arvid Hauge har på få år etablert seg som ein av dei mest spennande og etterspurde produsentane i internasjonal pop og R&B. Med base i både USA og London, har han arbeidd med artistar som Jaden, Amine, 24kGoldn, Jack Harlow, Anderson. Paak, PinkPantheress og serpentwithfeet – for å nemne nokre. Han har vore executive producer på det kritikarroste albumet Fancy That av PinkPantheress, som fekk 8.0 av Pitchfork – ein av dei høgaste utmerkingane innan musikkjournalistikk.
Men Aksel har aldri gløymt kvar han kjem frå. Han tek med seg tankesettet og estetikken frå vestlandsnaturen, frå stilla i fjordlandskapet, inn i eit pulserande internasjonalt musikkbilde. Han er eit strålande døme på at stor kunst kan ha små røter – og at ein ikkje treng å bu i ein metropol for å skape musikk som når verdstoppen.
Furore-stipendet vil gi Aksel moglegheit til å halde fram den målretta satsinga – gjennom arbeidsopphald i studio i USA og England, investering i utstyr og vidare utvikling av sitt kunstnariske uttrykk. Han har klare ambisjonar om å etablere seg permanent i det øvste sjiktet av internasjonale produsentar – og vi trur han vil lukkast.
Gjennom arbeidet sitt viser Aksel ikkje berre eineståande musikalsk teft, men òg ein evne til å binde saman kulturar, impulsar og menneske – og til å opne dører for nye lydar, nye idear og nye samarbeid.
I Furorekomiteen sit Terje Lyngstad, Geir Kåre Resaland, Trude Skarvatun og Stig Roger Eide.

Aksel Arvid er heime på Iglandsvik på juleferie, og vart overraska med Furorestipend.
Foto: pressefoto