Saka samanfatta
- Folketalet i Etnedal har auka med over 30 prosent på eit halvt år grunna to nye asylmottak.
- Kommunen har måtta handtere korte fristar for etablering av mottaka, noko som har skapt store utfordringar.
- Etnedal må kjøpe tenester frå bemanningsbyrå for å dekke behovet for helse- og utdanningstenester til dei nye innbyggjarane.
- Ordføraren etterlyser meir føreseielegheit og stabilitet i etableringa av asylmottak.
- UDI understrekar at akuttmottak må opprettast raskt for å møte behovet, men at permanente mottak ikkje er økonomisk forsvarleg.
- Mange av dei nye asylsøkjarane kjem frå Ukraina, grunna endringar i lovgiving som no tillèt unge menn å forlate landet.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
– Vi forstår vår plass i ei uroleg verd, og er positive til å ta i mot asylsøkjarar i kommunen, seier Linda Mæhlum Robøle.
Ho er ordførar frå Senterpartiet.
No etterspør ho likevel meir føreseielegheit når nye asylmottak skal etablerast
– Jo meir vi kan få av det, jo betre er det, seier ho.
Etnedal har lenge hatt rundt 1250 innbyggjarar.
Det gjer kommunen til den aller minste i Innlandet, basert på folketal.
Men i mai opna det eit såkalla ordinært asylmottak i det gamle rehabiliteringssenteret på Tonsåsen.
170 nye etnedølar flytta inn. Uvisst for kor lenge.
Då måtte kommunen snu seg kjapt rundt.
Både det gamle rehabilteringsenteret på Tonsåsen, og ærverdige Valdres Høgfjellshotell er no i bruk som asylmottak.
Og heilt i slutten av oktober vart nok eit mottak etablert i kommunen.
Då måtte dei snu seg rundt igjen. Denne gongen endå kjappare.
No var det snakk om eit akuttmottak på det nedlagde Valdres Høgfjellshotell, der det også tidlegare har vore akuttmottak.
På mottaket på fjellet har 250 bebuarar flytta inn sidan oppstarten.
I løpet av eit halvt år har altså folketalet i Etnedal auka med over 30 prosent.
Avisa Valdres omtalte saka først.



Barn og vaksne frydar seg over vinteren utanfor asylmottaket på fjellet i Etnedal.
Korte fristar
Kommunen pliktar å tilby tenester innan både helse og utdanning til dei nye bebuarane.
Frå dag ein.
Då akuttmottaket vart etablert i november fekk ordførar Robøle beskjed frå driftsselskapet Amdo AS ei veke før asylsøkjarane skulle komme.
– Eg fekk ein e-post ein torsdag, og då skulle alt vere klart i løpet av veka etter, seier Robøle.
– Det er heller ikkje ønskeleg frå Utlendingsdirektoratet si side, seier Kjersti Teksum Molthe.
Ho er regiondirektør for region Øst i UDI.
Ho forklarer at alle som kjem til Noreg for å søkje asyl har krav på ein trygg stad å bu.
– Og når det kjem mange, som i haust, må vi opprette akuttmottak raskt.
Det forstår Kai Egil Bachèr godt.
– Men å få tak i kvalifiserte folk på så kort varsel er vanskeleg, seier han.
Bachèr er kommunedirektør i Etnedal.
– Om vi klarer å levere tenestene med fagfolk, det er det vi føler mest på, seier han.
Ordførar Linda Mæhlum Robøle og kommunedirektør Kai Egil Bachèr i Etnedal.
For sjølv om det føl statlege midlar med asylsøkjarane, er det likevel kommunen som må skaffe nok legar, sjukepleiarar, lærarar og andre fagfolk slik at dei kan gje eit forsvarleg tilbod.
Det kan vere vanskeleg nok i kvardagen for ein liten kommune.
Bachèr fortel at kommunen berre har ein skule. No er behovet for opplæringsplassar auka med 60 prosent.
– Det er klart det er krevjande, seier han.
←
Advent på akuttmotaket i Etnedal.
Foto: Arne Sørenes / NRK
Beburarane prøver å få ventetida til å gå.
Foto: Arne Sørenes / NRK
Så godt dei kan.
Foto: Arne Sørenes / NRK
Kor lenge dei blir der veit korkje dei eller dei som driv mottaket.
Foto: Arne Sørenes / NRK
→
Fleire frå Ukraina
Dei siste åra har talet på asylsøkjarar til Noreg lege på om lag 20.000 i året.
Unntaka er 2015 då det i løpet av kort tid kom over 30.000, hovudsakleg frå Syria. Og i løpet av 2022 og 2023 kom det over 40.000 frå Ukraina.
Denne hausten har det igjen komme fleire frå Ukraina.
Sidan slutten av september har UDI oppretta 750 nye akuttplassar, spreidd rundt i landet.
Hovudårsaka er at lova som hindra unge menn i å forlate landet, brått vart oppheva.
Unge menn, og unge familiar, forlèt no det krigsherja landet.
Misha frå storbyen Dnipro er ein av dei.
Foto: Arne Sørenes / NRK
Foto: Arne Sørenes / NRK
Han har teke den vesle familien sin med seg til Noreg.
– Det er veldig fint her, og vi kjenner oss trygge.
Den siste månaden har dei budd på det nedlagde høgfjellshotellet i Valdres.
– Fronten er om lag 80 kilometer frå der vi budde. Nesten kvar dag opplevde vi rakettangrep og bomber. Det er veldig farleg der, særleg for barna.
Han håpar å kunne ta familien med seg tilbake når krigen ein gong er over.
– Vi er svært takksame for hjelpa vi får i Noreg, seier han.
Liv Mossefinn er mottaksleiar, og driv akuttmottaket i Etnedal på oppdrag for driftselskapet Amdo A/S. Ho seier at dei gjer sitt beste for å skape gode og trygge rammer for dei som bur der. – Du ser vi har pynta til jul, seier ho.
Foto: Arne Sørenes / NRK
Liv Mossefinn er mottaksleiar, og driv akuttmottaket i Etnedal på oppdrag for driftselskapet Amdo A/S. Ho seier at dei gjer sitt beste for å skape gode og trygge rammer for dei som bur der. – Du ser vi har pynta til jul, seier ho.
Foto: Arne Sørenes / NRK
Må kjøpe tenester
For Etnedal kommune betyr folkeauken at dei må ut på den opne marknaden for å kjøpe tenester frå bemanningsbyrå for å få det til å gå rundt.
Å satse på eigne tilsette går ikkje med så korte fristar som UDI opererer med, seier kommunedirektør Bachèr.
– Vi må gjere alt vi kan for å auke kapasiteten, for vi kan ikkje la dette gå på kostnad av det eksisterande tenestetilbodet, seier han.
Ordførar og kommunedirektør i Etnedal ynskjer seg meir føreseielegheit i asylpolitikken.
Foto: Arne Sørenes / NRK
Ordførar og kommunedirektør i Etnedal ynskjer seg meir føreseielegheit i asylpolitikken.
Foto: Arne Sørenes / NRK
Han fortel at dette er utfordrande, sjølv om det i utgangspunktet føl pengar med etablering av asylmottak.
– Men det er klart, når vi må ut og kjøpe legar og andre fagfolk frå byrå, så kostar det, slår han fast.
For ein liten kommune i utkanten er utfordringa rett og slett å få tak i arbeidskraft.
– Om det ikkje finst folk i marknaden, så hjelper det ikkje med pengar, seier han.
Les også: I februar vart åtte asylmottak lagt ned. To av dei i Innlandet
Permanente mottak?
Ordførar Robøle seier det er særleg utfordrande at akuttmottak både blir oppretta og lagt ned på kort tid.
Ho viser til at det også vart oppretta akuttmottak på Valdres Høgfjellshotell i november 2023.
Den gongen varte drifta i seks månader.
– Det hadde kanskje vore lettare om det hadde vore meir etablerte mottak der ein kunne justert nivået opp og ned, i staden for å ta heile drifta opp og ned, seier ho.
Men det går ikkje, ifølge UDI.
På eit frukostseminar i direktoratet sine lokale den 20. november sa UDI-direktør Snorre Sæther at det ikkje er økonomisk forsvarleg å stå klar til møte ein kvar situasjon.
Kjersti Teksum Molthe er regiondirektør i UDI.
Foto: Arne Sørenes / NRK
Kjersti Teksum Molthe er regiondirektør i UDI.
Foto: Arne Sørenes / NRK
– Vi må ha ei ansvarleg opp- og nedskalering av mottaksporteføljen i takt med behovet, sa han då.
Regiondirektør Kjersti Teksum Molthe i UDI Øst utdjupar. Ho legg vekt på at ein alt har eit fleksibelt mottaksapparat. Men dette har berre eit gitt antal plassar.
– Vi er styrt etter talet på dei som kjem, og kan ikkje la mange mottaksplassar stå tomme. Det er ikkje økonomisk ansvarleg, og det er også vårt ansvar å forvalte dette.
Ordføraren i Etnedal har uansett eit klart ønske for det nye året:
– Meir føreseielegheit, det ynskjer vi oss mykje meir av. At vi har meir stabilitet i dei mottaka som er etablert.
Publisert
20.12.2025, kl. 08.21