Rett før stengetid for 40 år sidan, rulla ein blå Mercedes 230 E ut frå Autostern i Oslo. Bak rattet sat dyrlege Loe, på veg heim til Vinstra.
Det var jappetid i Noreg. På fjernsynet ratta Ewing-brørne topplause SL-ar i «Dallas», medan Alexis Carrington hadde 500 SEL i «Dynastiet».
Ved Oslo Børs flaut jappane rundt i kvite skjorter og store bonusar. Dei likte òg Mercedes, sjølvsagt. Helst Geländewagen, men òg 230 E.
Økonomimodellen «200» skydde dei som pesten. Den likte ingen.
Når jappar tinga bil hjå Autostern, kryssa dei av for alt som glinsa: takluke, elektriske vindauge, automatgir – og mobiltelefon bolta fast mellom seta.
Dyrlege Loe takka nei til luksus. Han fekk i staden sveisa eit stativ i bagasjerommet, så tanken med flytande nitrogen stod trygt over ferister og telehiv. Der vart dei beste genane frakta – gullet – frå eliteoksar av norsk raudt fe (NRF), i lange strå av gjennomsiktig plast.
Eg var ikkje gamle karen då han køyrde inn på garden med nybilen, hausten 1985. Heldigvis fann den travle dyrlegen alltid tid til ein liten bilprat – medan han røykte ein kjapp sigar og henta støvlane i bagasjerommet.
Samtalene med dyrlege Loe om kyr og Mercedes saknar eg framleis.
Ikkje minst lukta av båsfjøs og sigar.
I fjor haust sa sonen – no 74 år, men framleis berre «dyrlegeguten» for dei gamle – ja til ein handel med meg. Tida var inne for eit eigarskifte på vegvesen.no.
Nokre månader seinare har eg jaga musa som budde bak batteriet. Eg har rust-sveisa jekkfesta, polert fram att den djupe blåfarga – og køyrt Nasjonale turistvegar over Sognefjellet.
Kassettspelaren frå Blaupunkt er reinsa og fungerer innimellom – helst med a-ha eller The Boss. Det er dette som er å vera «mindful» i mi verd.

Mor mi, Eldrid, sit på passasjersida på den nasjonale turistvegen over Sognefjellet.
Foto: Ivar Brandvol

«Mindful» med Mercedes.
Foto: Ivar Brandvol
Så trykte eg «søk i køyretøyregisteret».
Der sto det. Ei kald, svart linje med tekst.
Dyrlegebilen er slett ikkje ein 230 E – berre ein 200. Svart på kvitt i køyretøyregisteret. Ein slags spøkelsesbil.
Korleis kunne dette skje?
Mercedes-Benz tok aldri feil. Statens vegvesen tek aldri feil. Eg arbeider der sjølv. Dyrlege Loe? Han gjorde aldri noko gale – ein gong rygga han på golden retrieveren vår og meinte ho vart mjukare i hoftene etterpå. Vi spøkte med at fakturaen sikkert kom.

Turteller – standard på 230 E, ikkje på 200.
Foto: Ivar Brandvol
Så kva står vi att med?
Ein bil som ser ut som ein 230 E, høyrest ut som ein 230 E – men som på papiret berre er ein 200.
Eller som andre seier: «Om noko ser ut som ei and, sym som ei and og kvakkar som ei and, så er det truleg ei and.»