Ein Firda-tipsar melder trafikkuhell E39 mellom Bekkjavatnet og Langelandsvatnet.

Det skal vere veldig glatt på staden. Det har også Vegtrafikksentralen fått fleire meldingar om.

Klokka 15.56 melder politiet også politiet om hendinga. Klokka 16.09 melder politiet at dei er framme. Det vart først meldt frå både Firda-tipsar og politiet at det kunne sjå ut til at fleire bilar var involvert.

Operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Eirik Loftesnes, opplyser at det berre er éin bil involvert. Bilen skal ha gått rundt, men landa på hjula.

– Bilen står utanfor vegen, melder Loftesnes.

Det skal ikkje vere meldt om personskade.

Entreprenør er varsla om vegforholda og er på veg.

Det er redusert framkomst på staden.

Klokka 17.04 melder politiet at vegen er fri, og at entreprenør har strødd på staden. Dei tre personane som var i bilen som hamna utanfor vegen er sjekka ut av helse på staden. Det er ikkje meld om personskade, så politiet avsluttar.