Ei kvinne i 50-åra blei laurdag formiddag funnen bevisstlaus utanfor ein bustad i Mandal. Ho blei først frakta til sjukehus i Kristiansand, deretter vidare til Oslo.

– Vi etterforskar om det har skjedd ei ulykke i samband med trappa, eller om ho kan ha vore utsett for vald i forkant, seier operasjonsleiar Arve Myklebust i Agder-politiet.

Kvinna har ifølge politiet skader i ansikts- og hovudregionen.

– Skadane er ikkje alvorlege. Men i og med at ho har var bevisstlaus når ho blei funnen, så er jo tilstanden alvorleg, seier Myklebust.

Politiet ønsker nå hjelp frå publikum, for å finne ut kva som har skjedd.

– Vi kjem til å avhøyre personar som kjenner til vedkommande, for å sjå om vi kan komme vidare på kva ho har halde på med det siste døgnet. Og så er vi interesserte viss nokre andre har opplysningar eller har vore med henne.

Publisert

20.12.2025, kl. 15.36

Oppdatert

20.12.2025, kl. 15.56