Alarmsentralen 110 Vest melde like over klokka 16 om ei trafikkulukke med ein bil involvert.
– Det skal vera svært glatt på staden, melde operasjonsleiar Eirik Loftesnes i Vest politidistrikt like etterpå.
Det er ikkje meldt om personskade. Første meldinga frå politiet gjekk på at det var fleire bilar involverte, men politiet trur dette er bilar som har fått trøbbel på glatta, men kom seg vidare utan skade før naudetatane kom fram.
Påkøyrsel bakfrå
At det er glatt i området er det liten tvil om. Kort tid etter at naudetatane har kome fram til staden, vert det varsla om ei ny trafikkulukke berre 200 meter unna.
Der skal to bilar ha vore involverte. Klokka 16.13 skriv politiet at det er snakk om påkøyrsel bakfrå.
– Det er ikkje meldt om personskade. Partane fyller ut skademelding, skriv politiet.
Saltebilen er på veg, og bilistane vert oppmoda av Vegtrafikksentralen vest om å køyra varsamt.
Klokka 17.04 melder politiet at det var tre personar i den første bilen som hamna i grøfta. Alle er sett til av helse og uskadde. Politiet har avslutta på staden.
Vegen er strødd, og det er fri ferdsel.