– Det var to bilar involvert i ulykka. Dei køyrde i same køyreretning, og dei var to personar i kvar bil, seier Innsatsleiar Sindre Erstad i politiet og Nils Medaas i Nordhordland brann og redning.

Klokka 18:15 laurdag kveld fekk politiet melding om ei trafikkulykke på E39 i Alver. Ulykka skjedde om lag femti meter frå krysset mot Fyllingsnes.

Politi og brannvesen rykte ut. Politiet rykte med to patruljar. Brannvesenet rykte med to stasjonar. Ein av stasjonane blei sendt heim, då ein fekk oversikt over skadeomfanget.

Ein av dei involverte personane trong hjelp frå brannvesenet for å kome seg ut av bilen, men vedkommande var ikkje fastklemt.

– Alle fire er sendt til legevakt for sjekk. Ei førstevurdering er at dei ikkje var svært alvorleg skadde, fortel Erstad og Medaas til NH på staden.

Nils Medaas i Nordhordland brann og redning og Sindre Erstad i politiet.
Foto: Oddbjørn Rosnes

Vegen open att

Dei to bilane fekk, ifølge Medaas og Erstad, store materielle skadar.

Europavegen blei ein periode steng som følge av ulykka, og NHs utsende reporter fortel om nokre hundre meter med kø i begge retningar.

Om lag klokka 19:20 blei vegen opna att.

Klokka 20:06 melde politiet at eitt av køyretøya blir berga av bilbergar og at vegen blir kosta av entreprenør. Det skal vere skadar på ein bil og på autovern. Føraren av den eine bilen har blitt fråteken førarkortet. Politiet opprettar sak.

Vegen var ein periode heilt stengt på grunn av ulykka. Det førte til kø.
Foto: Oddbjørn Rosnes