Desse fekk julestjerner i år:
Stryn
Miljøkoordinatorar ved Stryn vidaregåande skule som skapar inkluderande aktivitetar og legg til rette for samhald og positivitet i skulekvardagen til nesten 300 elevar ved skulen gjennom heile året.
Har i mange år spreidd glede til folket, og gitt støtte til lag og organisasjonar i heile kommunen vår. Klubben står ansvarlege og tenner lys i julegrana ved Stryn Omsorgssenter.
Fantastisk innsats med musikalen Mamma Mia «The party». Jentene er no i gang med ein ny musikal, ein oppfølgar som har fått namnet «Mamma Mia -Gimme one more party»
Engasjert ungdom som har skipa røde kors for ungdom i Stryn.
Ei varm gåve frå initiativtakarane bak «Julevarme 2025». Ein fantastisk dag fylt med konsertar der ulike artistar og fleire musikalske ungdomstalent frå bygd vår spreidde varme og vakre tonar og ei fin førjulsstemning.
Hornindal
Andreas, busett i Kjøs, er ein særs aktiv pensjonist og aktiv dugnadsmann, særleg i Stryn Røde Kors redning, Hornindal og Markane Skyttarlag og som løypekøyrar i Hornindal skisenter.
Per Øen er pensjonist og sauebonde inst i Kjøsapollen. Tidlegare jobba han i Hornindal Kraftlag og Tussa som formann på linjenettet. Aktiv volleyballspelar til langt opp i alder og aktiv i mykje dugnadsarbeid på ulike felt.
Saman tok desse to karane initiativ til å sette i stand det gamle forsamlingshuset Markahall i Kjøs. Dette har vorte ein møteplass og eit lokale som etter måten er mykje i bruk.
Sturla er kontaktperson og ein av initiativtakarane bak foreininga. Sturla er «brannmann» i Hornindal og aktiv i ulikt dugnadsarbeid saman med gjengen som «brenn» for beredskap og tryggleik. Dei har samla inn pengar og kjøpt inn beredskapsbåt og sparar no til å kjøpe inn ATV: Dei har i tillegg kjøpt Bjørnis og bidrar med formidling av branntryggleik til born og unge.
Pensjonert lærar, særs aktiv dugnadsarbeidar, både inn fotball, friidrett og trim i alle år. Fast speaker på ulike arrangement på Hornindal stadion. Driv no trimgruppe for vaksne damer, eit tilbod som er særs omtykt og viktig for denne gruppa.
Aktiv pensjonist som kom flyttande til bygda frå Sogn for nokre år sidan. Tok raskt del i bygda sitt rike musikkliv og deltek med spel, song og dans på ulike samkome. Er aktiv i Karatreffen, og reiser rundt og underheld på omsorgssenter i Volda og Stryn.