– Det som er så fint med Senja, er at vi kan bruke tid på denne prosessen. Vi treng ikkje gjere det frå éin dag til ein annan. Det trur eg er til det beste for både pasientar og ikkje minst for våre tilsette, seier kommunedirektør i Senja kommune, Stine Jakobsson Strømsø.

Torsdag vedtok Senja kommunestyre, med 18 mot 13 stemmer, at sjukeheimane i distrikta skal gjerast om til heildøgns omsorgsbustader.

Dette vil føre til ei halvering av talet på sjukeheimsplassar i kommunen, og i framtida skal det berre vere sjukeheim på Finnsnes.

Kommuneadministrasjonen og folkevalde har fått kritikk heilt sidan forslaget blei kjent.

Tilsette er bekymra for kva som vil skje med arbeidsplassen, innbyggarar i distriktet er bekymra for korleis alderdommen deira blir og at folk flyttar frå bygda, og nokre folkevalde set spørsmålsteikn ved korleis Senja skal klare å vareta den stadig aldrande befolkninga.

To personer er i et kjøkkenrom, hvor den ene står ved en gryte og rører. Den andre personen, iført blåt arbeidsantrekk, ser på. Kjøkkeninnredningen inkluderer flere apparater og en vask, samt en klokke på veggen. Det er også skåler og redskaper synlige i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Både Tine Karlsen (til venstre) og Hanna Margrethe Teigen Olsen er bekymra for arbeidsplassen sin på Sifjord sjukeheimar når sjukeheimsplassane forsvinn.

Foto: Malin Straumsnes / NRK

– Eg kjenner på det. At det ikkje er sikkert arbeidsplassen består. Eg er bekymra for at det ikkje er bruk for arbeidskrafta mi lenger her i distriktet.

Det sa Hanna Margrethe Teigen Olsen til NRK tidlegare i veka. Ho er sjukepleiarstudent og jobbar på Sifjord sjukehus.

SV-politikar Kay-Erling Ludvigsen sa under torsdagens kommunestyremøte at han er bekymra.

– Vi går frå 182 sjukeheimsplassar til 90. Eg er redd for at vi kjem til å stå i ei knipe i framtida. Ei knipe med for få plassar som kan gi hjelp til dei som treng det mest.

– Det er naturleg at det kjem kritikk og bekymringar i ei såpass stor og viktig sak. Men dette er eit retningsval, det betyr at alle strekar ikkje er sette under svaret, seier Jakobsson Strømsø.

Vil unngå tomme «spøkelseshus»

Fram mot 2030 skal sjukeheimane i Sifjord, Gryllefjord, Rossfjord, Skaland og Stonglandseidet utviklast til å bli heildøgns omsorgsbustader.

Nå startar arbeidet med å greie ut korleis dette skal gjerast i praksis.

– Det er ein prosess som vi tar på stort alvor, og som eg gleder meg til å gå inn i med fagfolka mine, seier kommunedirektøren.

Ein heildøgns omsorgsbustad er ein tilrettelagd bustad med tenester heile døgnet, slik at dei som bur i slike bustader kan få pleie, omsorg eller hjelp til å ta medisinar. Dei betaler husleige og får tenestene i sin eigen heim.

Bildet viser en bygning med to etasjer beliggende langs en grusvei. Fasaden er delt mellom lys gul og lys grå, med vinduer som har varme lys tent innvendig. Det er snø og isflekkene synlige på bakken, og en juletre er pyntet med lys til høyre i bildet. I bakgrunnen er fjell synlige under en grå himmel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Sifjord sjukeheimar er éin av fem sjukeheim som skal gjerast om til heildøgns omsorgsbustad dei neste fire åra.

Foto: Malin Straumsnes / NRK

Den største forskjellen på ein slik omsorgsbustad og sjukeheimsplass, er sjukepleiarbemanninga og nærleiken til lege.

– Eg trur det kan bli ei god løysing for dei som skal ta i bruk tenestene, og dei som skal jobbe i tenestene. Vi har behov for mykje kompetanse til dei nye heildøgns omsorgsbustadene våre, seier Jakobsson Strømsø.

En kvinne i dress med kort hår og briller ser inn i kamera.

Kommunedirektør Stine Jakobsson Strømsø har tru på at heildøgns omsorgsbustader vil bidra til lys i husa i Senja-bygdene.

Foto: Malin Straumsnes / NRK

Det er likevel ikkje behov for like mange tilsette som det er på sjukeheimane i dag. Tanken er at dette skal reduserast med naturlege avgangar.

Kommunedirektøren viser til at det blir færre fagfolk i helse- og omsorgssektoren i åra framover. Allereie slit Noreg med å få tak i helsepersonell, og verst er det i distrikta.

Ho trur derfor dette er vegen å gå for å behalde fagfolk også i distrikta.

– Mi bekymring har vore at om vi ikkje gjer dette, så kan vi ende opp med sjukeheimar i distrikta som ikkje har tilsette, som blir tomme spøkelseshus. Vi ønsker å ha levande hus, og vareta gode bygder i alle lokalsamfunna i Senja, seier Jakobsson Strømsø.

Publisert

20.12.2025, kl. 19.42