Saka oppsummert:
- Rampenissen har blitt ein populær tradisjon, ikkje berre blant barn, men òg på arbeidsplassar.
- Veronica Normann Jensen opplevde rampestrekar på jobb då arbeidsplassen blei dekorert med bilde av ansiktet hennar.
- Sosialantropolog Ivar Haugstad meiner humor og leik kan styrke fellesskap, redusere stress og fremje eit godt arbeidsmiljø.
- Humor og felles opplevingar fungerer som lim i organisasjonar, og bygge relasjonar.
- På Blå Kors i Fredrikstad er dei tilsette rampenissar som lagar rampestrekar for kvarandre i desember, noko som har blitt eit høgdepunkt for dei tilsette.
- Veronica gler seg til å finne ut kven som står bak rampestrekane, og meiner konseptet skaper glede og samhald i jula.
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
– Det er jo utruleg komisk å komme på jobb og sjå seg sjølv overalt. Eg møtte bokstavleg talt meg sjølv i døra.
Ein dag førre veke fekk Veronica Normann Jensen ei høgst uventa overrasking i døra; arbeidsplassen var nemleg fullstendig nedklistra med bilde av ansiktet hennar.
På Blå Kors i Fredrikstad, der Veronica jobbar turnus, var ingen stader tomme. Til og med på toalettet kunne ho kikke på klistremerke av seg sjølv.
Sjå nokre av rampestrekane Veronica har blitt utsett for her.
I dagane etterpå har Veronica framleis funne klistremerke, og trur det vil halde fram ut desember.
Ho påpeikar at rampenissen likevel er ganske snill, sjølv om han er ein liten røvar.
– Eg har gjort meg opp nokre tankar om kven det kan vere. Det må vere ein som kjenner meg ganske godt, og som er litt glad i meg, ler ho.
– Kan senke stress
Fleire arbeidsplassar har i år tatt i bruk konseptet med rampenisse blant dei tilsette.
Det meiner sosialantropolog Ivar Haugstad kan ha ein positiv effekt på arbeidsmiljøet.
– Det kan senke stress, og hjernen vår fungerer betre. Det kan i tillegg vere smertelindrande, angstdempande og bidra til å bygge relasjonar, seier Haugstad.
Han har skrive boka «Kunsten å verke saman på jobb», kor han skriv om det å skape ein god kultur og arbeidskvardag.
Haugstad er også forfattar av blant anna boka «Kunsten å verke saman på jobb 2.0».
Foto: Privat
Han fortel at felles opplevingar, det å le saman og samhandling ut over sjølve kjerneoppgåvene nesten fungerer som lim i ein organisasjon.
– Det styrker fellesskapen når vi kan le av dei same tinga. Humor blir på ein måte eit teikn på felles normer og verdiar, og dermed ei bekrefting på at «vi er like», legg han til.
Mange kan oppfatte humor og leikenheit som teikn på useriøsitet, men Haugstad meiner det stikk motsette.
– Bruk av rett form for leikenheit og humor kan vere eit teikn på at ein har eit godt arbeidsmiljø, der folk er trygge og tør å prøve og feile.
Ventar i spenning
Dermed er det kanskje ikkje så rart at rampenisse-tradisjonen har blitt eit høgdepunkt hos Blå Kors i Fredrikstad.
Alle tilsette har fått tildelt éin kollega dei skal lage rampestrekar for gjennom heile desember.
Denne etterlysingslappen blei laga av rampenissen til Veronica, som også er kunstnar. Her blir det søkt etter ein «muse med saftig inspirasjon».
Foto: Beate Grøndahl / NRK
– Alle har fått delt ut kvar sin kollega, så lagar vi rampestrekar til kvarandre. Eg er òg rampenisse, fortel ho løyndomsfullt.
Jensen har gledd seg til å komme på jobb kvar dag i desember, og koser seg med konseptet.
– Det er kjempegøy, og ikkje minst hyggeleg å få litt merksemd i jula.
Foto: Julian Christensen / Privat
Nå tel Veronica dagar som eit barn før julaftan.
For neste veke får ho endeleg vite kven som står bak dei kreative rampestrekane som har prega heile den siste månaden.
Publisert
21.12.2025, kl. 08.01
Oppdatert
21.12.2025, kl. 09.47