Klokka 01.37 natt til søndag fekk politiet melding om ein person som oppførte seg vanskeleg på ein utestad i Måløy.
– Politiet kom til, men vedkommande var ikkje heilt samarbeidsvillig. Han nekta først å oppgi personalia. Etter kvart gjorde han det, og fekk eit pålegg om å ikkje opphalde seg i Måløy sentrum resten av natta. Det pålegget braut han, og han kom tilbake til sentrum, seier innsatsleiar i Sogn og Fjordane Svein Inge Harberg til Fjordenes Tidende.
Politiet køyrde etter kvart personen heim til ein venn av han.
– Vedkommande blir meldt av politiet for brot på pålegget, seier innsatsleiaren.