Saka oppsumera

  • Ein bonde i Vestfold er tiltalt for brot på dyrevelferdslova etter å ha late ei skada ku lide i fleire dagar utan veterinærhjelp.
  • Kua blei flytta ut av fjøset og låg ute i vinterkulda utan tilsyn over natta.
  • Veterinær blei tilkalla fire dagar etter at skaden oppstod, og kua blei avliva same dag.
  • Politiet ser alvorleg på saka og vil be om ubetinga fengselsstraff for bonden.
  • Bonden har innrømt forholdet, men erkjenner ikkje straffskuld.
  • Saka skal opp for retten måndag, og bondens forsvarar har førebels ikkje kommentert.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Bonden skal ifølge tiltalen ha oppdaga skadane på kua den 16. januar i år, men først fire dagar seinare kom det veterinær til garden.

Natta før skal kua ha blitt køyrd ut av fjøset, der ho blei liggande i kulden utan tilsyn til dagen etter.

Fekk bekymringsmelding

Kua blei avliva same dag som veterinæren kom til garden.

Vedkommande sende seinare inn ei bekymringsmelding, som i sin tur hamna på bordet til politiet.

Ku

Kua skal ha blitt skadd fleire dagar før veterinær blei varsla.

Foto: Politiet

Vil be om fengselsstraff utan vilkår

– Vi meiner at bonden ikkje har stelt dyret på ein forsvarleg måte i samband med skaden, og at dyret blei etterlate i ein hjelpelaus tilstand, seier politiinspektør Hans Egil Seljordslia.

en mann i uniform

Hans Egil Seljordslia, politiinspektør i Sør-Aust politidistrikt.

Foto: Magnus Skatvedt Iversen / NRK

Politiet ser alvorleg på saka som skal opp for retten måndag.

– Det er viktig at samfunnet ser at produksjonsdyr, som det til dels er mange av i eit fjøs, har like stor verdi som eit enkelt kjæledyr, meiner Seljordslia.

Påtalemakta kjem mest sannsynleg til å be om fengselsstraff utan vilkår, seier han.

Mannen skal ha innrømt forholdet i avhøyr med politiet, men erkjenner ikkje straffskuld.

Forsvararen til bonden, Christofer Arnø, ønsker ikkje å kommentere saka før den har gått for retten.

Publisert

22.12.2025, kl. 07.01

Oppdatert

22.12.2025, kl. 07.01