Naudetatane rykte ut til ei leilegheit i Volda måndag ettermiddag. Det blei meldt om røyk i bustaden.

– Uvisst om det er brann, men leilegheit full av røyk, melde operasjonsleiar Sindre Molnes i politiet innleiingsvis.

– Ser ut som det har vore eit tilløp til brann i vegg og tak rundt peisen, melde Molnes kort tid seinare.

– Alle ute av leilegheita og ingen meldt skadd, skreiv operasjonsleiaren vidare.

Røyken skal etter kvart ha blitt lufta ut av bustaden.

Litt før klokka 18 skreiv Molnes at politiet var ferdige på staden.

– Ingen brann, men strålevarme har ført til noko skade på vegg og tak. Éin person er eksponert for røyk og tek seg sjølv til legevakt for sjekk.

Politiet opprettar sak.