Saka oppsummert

  • Prognosane for kvit jul i Agder varierer, med sjanse for snø, sludd eller regn.
  • Områda langs kysten aust i Agder, som Arendal, har størst sjanse for snø.
  • Lengst vest i Agder og heilt ute ved kysten blir det truleg regn og plussgrader.
  • Kristiansand får sol og to varmegrader på julaftan.
  • Romjula blir prega av rolege og stabile vêrforhold med temperaturstigning.
  • Det er lite sannsynleg med snø i fjellområda i Agder.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Det er straks julaftan og temperaturane ligg rundt null fleire stader i Agder.

Kan det bli kvit jul for nokon heldige egder?

– Det er litt vanskeleg å seie akkurat kva det blir nå, men det kan bli snø, sludd eller regn, seier Marit Berger.

Ho peikar ut områda langs kysten aust i Agder kor sjansen er størst for kvit jul.

Blant anna står det på Yr i nåverande augeblink at Arendal kan få snø.

– Der er ei smal stripe oppover i gamle Aust-Agder. Heilt ut på kysten blir det nok regn. Så det må litt innanfor, men ikkje så veldig mykje.

Nedbøren ligg ute i Skagerrak og trekker berre så vidt inn mot land.

– Det blir ikkje nedbør lengre inn i landet og opp i fjell og sånt.

Ikkje veldig «vinterleg»

Lengst vest i Agder er det meldt plussgrader på julaftan.

– Her blir det ikkje så veldig vinterleg, seier Berger.

Litt innover i landet kan det bli «rimete».

I Kristiansand blir det strålande sol og to varmegrader.

Temperaturstigning

Statsmeteorologen melder om rolege og stabile vêrforhold i romjula.

Temperaturen vil stige noko utover i romjula, med fleire plussgrader.

– Ikkje noko kjempevarmt. Men eit lite skilje blir det, da.

Publisert

22.12.2025, kl. 18.36