Saka samanfatta:

  • Kommunen og næringslivet har gått saman for å utvikle Bjorli til ein leiande vinterdestinasjon med helårstilbod innan 2028.
  • Kommunen har sett av 180 millionar kroner til nytt vatn- og avløpsanlegg for å støtte utbygginga.
  • Planane inkluderer bygging av ein fjellandsby, sykkelbane, heilårs serveringsstader og utvikling av stiar og løyper.
  • Målet er å auke arbeidsplassar i reiselivet frå 57 til minst 100 og den lokale verdiskapinga frå 17,7 til minst 50 millionar kroner.
  • Bjorli sitt snøsikre klima gir anlegget eit konkurransefortrinn i møte med klimaendringar.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

I mai blei det kjent at selskapet som eigde eitt av dei mest snøsikre skianlegga i landet, Bjorli skisenter, hadde gått konkurs.

Knappe seks månader etter at ny eigar stod klar i alpinbakkane heilt nordvest i Innlandet, har kommunen og næringslivet bestemt seg for å satse tungt.

Innan 2028 skal Bjorli vere den leiande vinterdestinasjonen med heilårstilbod i regionen og ha ein tydeleg posisjon som eit attraktivt reisemål.

No har kommunen sett av 180 millionar kroner til nytt reinseanlegg, for å kunne ta imot ei venta utbygging av anlegget i åra framover.

– Vegen vidare no er å komme fort i gang på steg to. Jobbe systematisk for å få på plass ei destinasjonsleiing og kompetanse til å utvikle Bjorli framover, seier kommunedirektør i Lesja, Per Dag Hole, entusiastisk.

Bjorli skisenter i Lesja.

Per Dag Hole, kommunedirektør i Lesja.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Tett samarbeid

I åra før selskapet gjekk konkurs, steig inntektene frå 11,3 millionar kroner i 2020 til nærare 21 millionar kroner i 2023.

Dette var likevel ikkje nok til å halde liv i Bjorli.

Svikt i sal og trafikk på våren, førte til at selskapet slo seg konkurs i vår. Dette med ei gjeld på om lag 40 millionar kroner.

En skiheis med skilt

Skisenteret ligg rett ved Europaveg 136, og har togstasjon like ved anlegget. Likevel enda det med konkurs i vår.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Med eit tett samarbeid mellom kommunen og private, meiner investorane det er mogleg å skape noko større i Lesja.

– Eg er ganske optimistisk. Det har tatt tid å komme hit vi har komme no i dag, men vi ser at vi har ein kommune og eit næringsliv rundt oss som alle vil dra i same retning. Det gjer at eg er optimistisk for at vi kan få til noko både på kort og lang sikt.

Det seier investor og styremedlem Marcus Barman.

Sjølv er han ikkje i tvil om at den kommunale viljen til å ta dei nødvendige investeringane er viktig, skal prosjektet realiserast.

Marcus Barman

Marcus Barman, investor og styremedlem i Bjorli Skisenter.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Raudlista art i Bjorli

I ei årrekke har villreinen skapt utfordringar i Bjorli. Dette som følge av at anlegget ligg like ved eit område der den raudlista villreinen flyttar på seg.

I planane som no er godkjente av kommunen, har dette blitt tatt omsyn til, påpeikar Barman.

– Det er viktig, både for oss, kommunen og samfunnet rundt, at reguleringsplanen har tatt omsyn til både villreinen, utmark og myrområde, seier han.

Barman opplyser at den eine skiløypa har blitt flytta for å skåne reinen.

– Hyttebusetnad skal ikkje gå ut over utsett natur, legg han til.

I 2006 døydde minst 144 villrein etter at dei blei tatte av ras like ved Bjorli:

Snøsikkert anlegg

Jokeren til anlegget kjem frå ovan.

Medan andre anlegg slit med klimaendringane, som har ført til lite snø fleire stader, har det i ei årrekke vore snøsikkert på Lesja.

– Bjorli er vårt viktigaste anlegg. Vi har jo nokre klimautfordringar, og da er det utruleg fint å ha Bjorli som er snøsikkert heile vinteren, seier administrasjonssjef i Møre og Romsdal skikrets, Stig Aambø.

Han fortel at ei rekke klubbar, både frå Trøndelag, Innlandet og hans eigen krets kjem til Lesja for å trene.

Bjorli skisenter i Lesja.

Administrasjonssjef i Møre og Romsdal skikrets, Stig Aambø.

Foto: Henrik Einangshaug / NRK

Millionbeløp

I ein uavhengig rapport bestilt av kommunen og Bjorli Utvikling, blir det peika på fleire investeringar som må bli gjort for at prosjektet skal bli realisert:

  • Nytt vass- og avløpsanlegg: 180 millionar kroner
  • Fjellandsby: Starte bygginga av ny fjellandsby for å få fleire overnattingsplassar
  • Heilårstilbod: Etablere sykkelbane og heilårs serveringsstader
  • Aktivitetar: Utvikle stiar og løyper

I rapporten er det sett som mål å auke talet på arbeidsplassar i reiselivet frå 57 til minst 100, og dessutan auke den lokale verdiskapinga frå 17,7 millionar kroner til minst 50 millionar kroner.

– Eg er veldig optimistisk. Med den plasseringa som Bjorli har, med snøsikre forhold og dei naturområda som er rundt her på sommarstid, har Bjorli store moglegheiter framover, seier kommunedirektør Per Dag Hole.

Publisert

23.12.2025, kl. 07.04