Kommunestyret bestemte einstemmig at gatelysa langs fylkeskommunale vegar skulle sløkkast av da hausten kom. No seier leiaren i SV si kommunestyregruppe, Elin Mathisen, at føresetnadane for vedtaket er endra.
– Det var ikkje så enkelt som at fylkeskommunen berre kunne gå inn og betale.
– Opposisjonen i kommunestyret meinte aldri at nokon skulle vere utan lys, seier kommunestyrerepresentant Elin Mathisen (SV).
Foto: Sebastian Faugstad
Fekk rekninga i retur
Kommunestyret ville altså sende rekninga til fylkeskommunen, men fekk ho i retur. Derfor vil opposisjonen i Sør-Varanger ha ekstraordinært kommunestyremøte, til trass for at neste års budsjett allereie er vedtatt.
– Vi veit at prisen som kanskje er mogleg å få til no, skal la seg gjennomføre også etter at budsjettet er vedtatt. Opposisjonen i kommunestyret meinte aldri at nokon skulle vere utan lys.
Gjeld lyspunkt som verkar, ikkje vedlikehald
– Kva vil det til å koste å tenne lysa?
– Kanskje mellom 50 000 og 100 000 kroner. Det er litt vanskeleg å seie. Vi kjenner ikkje tilstanden på mange av lysa. Det er ikkje snakk om vedlikehald. Det er berre snakk om å få lys no mens det enno er mørketid.
– Da er det berre lysa som verkar?
– Ja. Det kostar veldig mykje å ordne lyspunkta. Da må man eventuelt gjere det seinare. Det som er viktig no, er å få lys i distrikta i kommunen. På dei fylkeskommunale vegane. Det er det vi synest er viktigast no.
Publisert
23.12.2025, kl. 07.04
Oppdatert
23.12.2025, kl. 07.12