(BA): Ifølge BAs opplysningar jobbar Åsane med å hente den tidlegare landslagsspelaren og Tyskland-proffen Even Hovland.
36-åringen takka nyleg for seg i svenske Brommapojkarna, med grunngiving om at han ønskte å komme seg nærare familien i Norge.
Åsane og Hovland skal ha snakka såpass mykje saman at det har resultert i eit kontraktsforslag, som den tidlegare Molde- og Rosenborg-spelaren no vurderer.
– Dette har vi ingen kommentar til, seier fungerande sportssjef i Åsane, Odd Krister Føllesdal.

Les også
Even og Hanna kan enda opp i Sogndal att – om klubbhelten takkar ja til ein siste dans
Stadfestar kontakt
Even Hovland sjølv stadfestar derimot til BA at det har vore kontakt mellom partane.
– Vi har vore i kontakt, men det har vore andre klubbar som har vendt seg òg. Det er ikkje noko meir enn det.
Sjølv har han juleferie no.
– Det kjem ei avklaring i løpet av eller etter ferien, seier han.
Den tidlegare landslagsspelaren seier han ser på kva som passar best, men fortel at han er open for Åsane.
– Eg er open for alt, og ser på ulike moglegheiter som kan passe meg og familien best.
Konkurranse frå saftbygda
Dei oransje får likevel konkurranse frå ein annan av Hovlands tidlegare arbeidsgivarar, Sogndal. I Åsane skal ein likevel vere optimistiske med tanke på å lande ein avtale med midtstopparen.
Skulle dei klare det, snakkar ein fort ein av dei største signeringane til klubben nokosinne. Hovland har 29 landskampar for Norge og er både norsk og svensk seriemeister. Han var også proff i Tyskland i tre år, då han spelte for Nürnberg.
Døropnaren i denne samanhengen er Åsane-trenar Eirik Bakke. Han spelte saman med Hovland i Sogndal, og kjenner karen frå Vadheim godt.
Økonomisk inneber det ein avtale som Åsane naturlegvis ikkje klarer å stå for åleine, men etter det BA kjenner til skal gode hjelparar ha sagt seg villige til å bidra.
Torsdag signerte også Einar Iversen ny kontrakt med klubben. Ein avtale som held han i oransje også neste år.
Storfiskar
Men det er ikkje berre Even Hovland ein ønskjer seg i nordre bydel.
BA er også kjend med at Åsane skal ha sett på høve til å hente heim tidlegare Brann-kaptein Sivert Heltne Nilsen.
Midtbaneankeret slit med speletida i skotske Aberdeen, og skal sjølv vere lysten på å returnere til gamlelandet.
Men der ser begge partar på ein mogleg avtale til sommaren som den beste og mest realistiske løysinga.

Sivert Heltne Nilsen i Brann.
Foto: Emil Weatherhead Breistein