Tre kundar har funne metallbitar i brøda sine dei siste dagane, melder NRK, via NTB.
Metallett har kome med i mjølleveransen og skal gjelda produkt som inneheld sammalen kveite mellomgrov.
– Du kan merka han når du skjer ei brødskive, eller du vil merka det om du får han i munnen, seier direktør for KHMs og berekraft hjå Mesterbakeren, Per-Ole Arneberg til NRK.
Tilbakekallinga gjeld bakverk kjøpt 18. til 22. desember på butikkar i tidlegare Hordaland fylke og Årdalstangen. Alle produkt som er i butikk per 23. desember, er trygge, opplyser Rema 1000.
Desse produkta er kalla tilbake:
Håndverk Dansk rugbrød
Håndverk Solsikkebrød
Håndverk Frø og Kjernebrød
Håndverk Grovbrød samanbakt
Håndverk Kneipp steinomnsbakt
Håndverk Gourmetbrød grov
Håndverk Fullkornsbrød
Håndverk Grov rustikk
Grovt og Godt grovbrød oppskore (ferskt)
R Superhelt grovbrød oppskore (ferskt)
Prima kneipp
BrannbrødFrø og kjernestykke 2 pk.
Kneipp rundstykke 3 pk. Korn frukoststykke (laus)