Hintet i dag er: Fant tonen både privat og i jobb.

I morgon vil vi avsløre kven som var på bildet og trekke ein heldig vinnar av ei lita juleoverrasking.

Alle sakene er opne og alle kan delta. Det gjer du ved å skrive svaret ditt i kommentarfeltet nederst i saka. Om du ikkje har kommentert inne i ei sak før, får du moglegheit til å legge inn kommentar ved å legge inn namn og e-post-adresse.

Ved å skrive inn fullt namn, veit vi også kor vi skal sende juleoverraskinga.

Du kan sjølvsagt også sende inn svaret på e-post til fjt@fjt.no.

Barnet i luke 22 var Sveinung Frantzen, som mange kjenner frå Fagmøbler i Måløy Stormarked.

Sveinung sine juleminne:

Eg har fleire gode juleminne frå mange fine julefeiringar i gate 5 hos mamma og pappa. Jula er verkeleg den finaste tida gjennom heile året. Eg har vokst opp som nummer 6 i ein søskenflokk på 12 stykk – eg har derfor vore så heldig å aldri følt meg einsam og åleine i jula.

For min eigen del kjem eg ikkje i julestemning før eg har sett Die Hard med Bruce Willis! Grevinnen og hovmesteren på veslejuleaftan er også obligatorisk. Eg blir rett og slett aldri lei, og om eg ikkje ler av sketsjen – så ler eg godt av reaksjonane til dei eg ser sketsjen i lag med. Elles synest eg det er viktig å hugse på at dei som ikkje har det så enkelt resten av året, kanskje kan ha det ekstra tungt og vanskeleg i jula. Einsemda mange føler i høgtider og spesielt i jula kan vere vanskeleg for mange av oss å forstå. Jula kan vere ei fin tid til å ta ein telefon til eit familiemedlem du kanskje ikkje har det beste forhaldet til. Ei tekstmelding kan verkeleg utgjere ein stor forskjell for nokon. Det koster så lite, men du kan faktisk glede nokon som trenr det ufatteleg mykje. For min eigen del handler jula om omtanke og takknemlegheit. Det bur over 8 milliardar menneske på jorda. Tenk så utruleg heldige vi er som er fødde i Europa.Ikkje nok med det – Vi er i tillegg fødde i det beste landet i Europa. Som om ikkje det er nok: Vi bur i det flotteste området i heile Norge. Nordfjord er så fint og vakkert at det er fort gjort å ta det for gitt! Har ein ein tøff dag er det berre å sjå på nyheitene, så tenker eg at alle og ein kvar av oss verkeleg set pris på livet. Det skjer mange fæle ting rundt om i verda, og kanskje er det nettopp derfor det er viktig å sette ekstra stor pris på dei nærmeste rundt oss. Eg ser for min eigen del kor deilig det kan vere å legge frå meg mobilen min i eitt anna rom i huset, og verkelig vere til stades for Tove Lill og dei tre fantastiske barna mine som betyr alt i verda for nettopp meg. Eg vil også nytte molegheita til å framsnakke Pass It On her i Vågsøy. De gjer ein heilt fantastisk jobb, og eeg håper så mange som mogleg vil vere med å støtte arbeidet de legg ned i mange år framover. Frelsesarmeen er også noko eg liker å støtte i jula, dei gjer ein fantastisk jobb for mange av dei rundt oss som har hamna på skråplanet. Alle menneske har ei historie, og når alt kjem til alt så er vi kanskje ikkje så ulike sjølv om nokre feirar jul på gata, samtidig som andre et julemiddag inne i eit godt og varmt hus. 

Kort oppsummert vil eg ønske alle saman ei riktig god jul, og oppfordre dei som har moglegheit til det, å gjere julehøgtida litt berre for dei som verkeleg treng det.

Den heldige vinnaren av ei juleoverrasking er: Merete Verpeide. Gratulerer!

Vinnarane til no er dermed:

Luke 1: Johanne Marie Reinen

Luke 2: Turid Kupen

Luke 3: Per Arild Frøyen

Luke 4: Elisabeth Hals Heimsæter

Luke 5: Veronika Waag

Luke 6: Åse H. Sundal

Luke 7: Hilde Randi Grotle

Luke 8: Nina Gangeskar

Luke 9: Øystein Kolseth

Luke 10: Sølvi Ann Loen

Luke 11: Svanhild Liseth

Luke 12: Kirsti Haugan

Luke 13: John-Egil Eriksen

Luke 14: Keith Elliott

Luke 15: Hege Iren Lillebø

Luke 16: Ingrid Bugjerde

Luke 17: Jan Petter Venøy

Luke 18: Mindor Gjerde

Luke 17: Jan Petter Venøy

Luke 18: Mindor Gjerde

Luke 19: Iv Barmen

Luke 20: Jorunn Randi Bjørhovde

Luke 21: Cato Nordheim

Luke 22: Merete Verpeide