Klokka 14.48 fekk Vest politidistrikt melding om brann i ein bygning i Hafstadvegen i Førde.

– Det er moglegvis brann i eit ventilasjonsanlegg. Det skal vere mykje røyk i bygget, opplyser Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Det er ikkje meldt om personskadar, ifølge operasjonsleiaren.

På grunn av at bygget ligg så tett til E39, kan brannen påverke trafikkavviklinga.

Brannvesenet er framme på staden, og melder at dei har kontroll. Årsaka til brannen skal vere ei kortslutning. Brannvesenet har tatt straumen på bygget.

Firda kjem tilbake med meir.