Saka oppsummert:
- Frode Urkedal, rangert som Noregs sjette beste sjakkspelar, har aldri delteke i sjakk-VM grunna høge kostnader.
- Under eit utdrikkingslag der han spelte simultansjakk, fekk han uventa 40.000 kroner via Vipps frå ein anonym sjakkentusiast.
- Givaren, som er lidenskapeleg oppteken av sjakk, ønskte å støtte Urkedal, men vil vere anonym av familiære årsaker.
- Urkedal reiser til Qatar for å debutere i VM i lyn- og hurtigsjakk i romjula, med mål om å gjere det så bra som mogleg.
- NRKs sjakkekspert Torstein Bae meiner Urkedal kan overraske og imponere i meisterskapen.
- VM i lyn- og hurtigsjakk går føre seg frå 26. til 30. desember og kan sjåast på NRK.
– Eg tenkte: «Hæ? Vipsar han meg 40.000?», seier Frode Urkedal til NRK.
Han er rangert som Noregs sjette beste sjakkspelar, men han har aldri delteke i sjakk-VM tidlegare.
Dette av ein enkel grunn: Det har vore for kostbart.
Men ein fuktig dag på ein sjakkpub i Oslo gjorde at han i romjula reiser til Qatar for å debutere i VM i lyn- og hurtigsjakk.
«Sjakkboms»
Frode Urkedal lever og andar for sjakk.
Det går i sjakk døgnet rundt. Stormeisteren spelar sjakk, skriv sjakkspaltar og trenar folk som vil bli betre i sjakk.
– Er du ein «sjakkboms»?
– Eg veit ikkje kva ein skal kalle det. Sjakkspelar, «sjakkboms»? Eg kan godt vere ein stolt «sjakkboms», seier Frode Urkedal.
«SJAKKBOMS»: Frode Urkedal lever av og for sjakk.
Foto: Hans Solbakken/NRK
Og det var som stormeister han var innleigd til å spele simultansjakk mot eit heilt utdrikkingslag i mars i år.
Urkedal fortel at ettermiddagen gjekk fuktig for seg for både brudgommen, kompisgjengen hans og for stormeisteren Urkedal sjølv også.
– Han eine kom bort til meg og sa at eg også måtte drikke, slik at eg ikkje skulle slå dei så lett, seier Urkedal.
– Som ein draum
Etter at haugevis med sjakkparti var spelt og ein del alkohol var drukke, vart Urkedal og den eine deltakaren på utdrikkingslaget sittande igjen og snakke om sjakk, mens resten av utdrikkingslaget reiste vidare.
Det er da Vipps-overføringa kjem inn i bildet.
– Han spurde meg: «Skal du spele VM?». Eg svarte at det kostar for mykje, fortel Urkedal.
Dette kostar det å delta i sjakk-VM
- For å delta i sjakk-VM må ein betale påmeldingsavgift. I open klasse er denne 100 amerikanske dollar, om lag 1000 norske kroner, viss du melde deg på før 1. november 2025. Avgifta er 200 amerikanske dollar, om lag 2000 norske kroner, viss du melde deg på etter 1. november 2025.
- I kvinneklassen er avgifta 50 amerikanske dollar og 100 amerikanske dollar ved påmelding før og etter 1. november.
- Som spelar sett det internasjonale sjakkforbundet Fide som krav at du skal bu på eitt av dei fire offisielle hotellene. Prisene varierer frå 160 amerikanske dollar(ca 1600 NOK) per natt til 500 amerikanske dollar(ca 5000 NOK) per natt.
- Spelarane må betale reise til og frå Qatar sjølve.
- Om ein treng eller vil ha med assistanse må ein betale 100 amerikanske dollar i avgift pluss andre tilleggskostnader.
Han seier at vedkomande held fram med å spørje kor mykje det kosta å vere med og om han ville delteke om han hadde pengane.
Det bekrefta Urkedal at han ville gjort.
OVERFØRINGA: 40.000 tikka inn på kontoen til Urkedal.
Foto: Hans Solbakken / NRK
– Så bad han om telefonnummeret mitt.
Sekund seinare fekk han eit varsel på telefonen sin om at han hadde fått 40.000 kroner på Vipps.
– Eg kunne liksom ikkje tru det. Det var som ein draum, liksom, seier Urkedal.
Slik støttar Noregs sjakkforbund VM-utøvarane:
- Noregs Sjakkforbund fortel til NRK at dei støttar dei norske spelarane som søkjer med 5000 kroner for å delta i VM i lyn- og hurtigsjakk.
- I tillegg gjev dei alle deltakarar støtte til overnatting i Oslo natt til 25. desember, viss dei treng det for å ta eit tidleg fly til VM. Utøvarane får også landslagstrøyer.
- Utover dette er det mogleg å søke støtte frå ulike fond i forbundet.
- Sjakkforbundet presiserer at dei òg bistår utøvarane sine med sportsleg oppfølging, administrativ hjelp, dialog med eksterne aktørar og handtering av eventuelle tvistar. Dei legg også til at dei heile tida jobbar for å støtte sine spelarar så godt som mogleg.
Givaren: – Kan skape utfordringar på heimebane
NRK har snakka med personen som sende Urkedal dei 40.000 kronene. Givaren ynskjer å vere anonym.
– Vi var i eit veldig godt lag og i godt humør, så fann eg ut at det ville eg bidra med, seier givaren til NRK.
Vipsaren fortel at han er lidenskapeleg oppteken av sjakk og tykkjer det er fint å støtte opp slik at fleire kan kome seg til VM.
I tillegg har Urkedal gjeve tilbake ved å stille opp i sjakklubben der givaren er aktiv, utan at det var noko kriterium da overføringa av pengane vart gjennomført.
– Korleis har du råd?
– Ingen kommentar.
SURREALISTISK: Urkedal kunne ikkje tru det da han plutseleg vart vipsa 40.000.
Foto: Hans Solbakken/NRK
– Kvifor ynskjer du å vere anonym?
– Det er jo litt det her med at pengane går ut frå ein konto. Og det finst jo enkelte andre familiemedlemmer som har tilgang til den kontoen. Og viss det kjem ut at eg har brukt dei pengane på sjakk, så kan det skape litt familiære utfordringar på heimebane, seier givaren humørfylt.
– Har du angra i etterkant?
– Eg stilte vel nokre spørsmål ved eiga forstand etterpå, men nei. Sett i lys av kva vi har fått igjen for det, i form av Frodes framferd i Lillestrøm sjakklubb, og at det har bidrege til at han stiller opp i eit VM, så har det vore verdt det.
Desse skal delta for Noreg i sjakk-VM 2025
I den opne turneringa er desse nordmennene påmelde:
- Magnus Carlsen
- Johan-Sebastian Christiansen
- Frode Urkedal
- Elham Amar
- Håvard Haug
I kvinneturneringa er desse nordmennene påmelde:
- Monika Machlik
- Christine Nordahl
- Ingrid Skaslien
Bae: – Kan overraske
NRKs sjakkekspert Torstein Bae er imponert av givaren som sender Urkedal til VM.
– Det er jo ei utruleg festleg historie, seier Bae.
Han meiner at Urkedal har gode føresetnader til å hevde seg, spesielt dei første tre dagane av VM. Da spelast det hurtigsjakk, som har lengre tenketid enn lynsjakk.
– Han har jo potensialet til å hevde seg mot svært mange her og er jo ein rutinert og god spelar. Han er jo også etter kvart blitt ein vaksen kar, så eg trur ikkje vi skal rekne med at Frode tar medalje her, men at han kan overraske og imponere oss mange gongar gjennom fem dagar i romjula, seier Bae
Første juledag set Urkedal seg på flyet til Doha i Qatar. Han er spent før VM-debuten, men ser fram til meisterskapen.
– Mi målsetting er å gjere det så bra som mogleg. Eg håpar eg får spelt mot mange gode spelarar. God motstand er god trening, seier Urkedal.
VM i lyn- og hurtigsjakk kan du sjå på NRK frå 26. til og med 30. desember.
Slik spelast VM i lyn- og hurtigsjakk
- VM arrangerast i 2025 i Doha i Qatar frå 26. til 30. desember.
- VM har to separate turneringar der VM i hurtigsjakk spelast 26. 27 og 28. desember, mens VM i lynsjakk avsluttar meisterskapen 29. og 30. desember.
- I hurtigsjakk spelar dei totalt 13 parti, der den med flest poeng etter siste parti går av med sigeren.
- I lynsjakk spelar dei totalt 19 parti. Da vil dei fire beste gå vidare til semifinale og deretter finale.
- Heile meisterskapen ser du på NRK frå klokka 12:00 kvar dag.
Ståle Solbakken: –Jeg hater det

«Jinxer» Viking det med gullølet her
00:39

34 år siden Viking tok gull
01:08

Feirer med «griddy» mot Brasil
01:00
Vis flere
Publisert
25.12.2025, kl. 07.44