I Måløy kom ein politipatrulje over eit trafikkuhell i Sjøgata like etter klokka tre om natta. Der hadde ein personbil køyrd på ein parkert bil. Det var mindre skade på bilane, men politiet fatta mistanke om rus, melder operasjonssentralen til Vest politidistrikt.
Bilføraren, ein mann i 60-åra, vart teken med lokal legevakt for blodprøvetaking. Førarkortet beslaglagt og sak oppretta.
Tidlegare på natt var det slagsmål mellom to menn i 20 og 30-åra, også det i Kinn.
Ingen av dei vart skadde og ingen ville melde den andre. Begge to fekk derimot marsjordre frå politiet vekk frå staden.
Trøbbel i Stryn
Også i Nordfjord gjekk det føre seg. Der vart ein mannleg gjest kasta ut frå ein utestad like etter midnatt. Han vart så sint at han skalla ned ei ordensvakt.
Vakta vart køyrd til lokal legevakt, med mogleg brot i nasen. Mistenkte, ein ung mann, vart vist vekk frå staden og må venta seg eit oppgjer med politiet seinare.
I Sogn er det ikkje kome inn nokon meldingar. Sett vekk frå ein hund som var forsvunnen i Lærdal, men som kom fort til rette.