23. september 1953 føddest ein liten krabat på Teigen, ytre Hareid, som nummer to og sistemann i Fridtjof og Åsta Hareide sin vesle barneflokk.  Storebroren Håvard var alt blitt 9 år og det var sjølvsagt stas med ein attpåklatt.

Han fekk namnet Åge Fridtjof etter foreldra.

18. desember 2025 – i ein alder av 72 år – gjekk han ut av tida, råka av ein alvorleg kreftsjukdom.

Han vart kjend over heile landet som fotballspelar, fotballtrenar og tv-kommentator, men i dette minneordet vil vi i første rekke trekke fram tida hans på Hareid og i Hødd.

Ville bli berømt

Alt frå ung alder var det Åge sitt mål i bli ein berømt fotballspelar. Grannane såg han stå åleine i timesvis og sparke fotballen mot garasjen eller heade mot husveggen. Seinare sette faren opp mål, med fiskenot som nett, og då vart det seriekampar mellom grendalaga i bygda. Åge arrangerte sin eigen serie med lag frå Indre Hareid, Ytre Hareid, Bigset, Hjørungavåg og Brandal. I biografien «Åge Hareide – et fotballiv» av Arild Stavrum, fortel Åge at han ofte hadde med sin eigen fotball til desse kampane og at han også likte å vere dommar. Då hadde han i tillegg kontroll på resultatet. «Fekk eg ikkje viljen min, tok eg berre ballen og sykla av garde. Skulle det vere kamp, var det på mine premissar», fortalde han til Stavrum.

Lérballen hadde han også med seg til kampar på Hovlid-bana, ei lett skrånande attelege som ligg over dei øvste gardane i Hovlida. Ein barndomskompis fortel at dei kunne sparke fotball i timesvis der oppe.

Vi kan trygt seie at Åge voks opp i ein heim som sette tydelege krav, men som samtidig gav fridom og ballast. I lia der han budde var der fleire små løkker, som hadde gått ut av bruk som beitemark. Ei lita flate like bak heimen på Teigen gav rom til å utvikle seg. Åge begynte med organisert fotball i Hareid IL og var mellom dei yngste, men likevel ein sentral spelar, på eit lag som vann ”Sunnmørspostens gutteklubbcup” i Ålesund i 1966.

Slektsband til Hødd

Faren Fridtjof var fiskar og verkstadarbeidar – mora Åsta f. Hasund, var heimeverande. Ho var forresten søskenbarn til Hødd-kjendisane Hallbjørn og Kjetil Hasund, sentrale spelarar då Hødd på mirakuløst vis spelte seg opp i eliteserien i fotball i 1965. Dette bandet til Hødd var nok avgjerande for at Åge sette kursen for Høddvoll alt som gutespelar.

I boka til Stavrum står det også at Åge og mora Åsta ofte tok turen til Hasund for å vitje slekta hennar. Der hadde Åge eit to år eldre søskenbarn, Bjørg.  Dei to tente pengar på å rykke opp høymoler eller trakke tørrhøy. Dei bada og slåst – og nokre gonger klarte Bjørg å lure Åge til å leike med dokker. Men Åge var mykje meir interessert i aktivitetane til mora sine to søskenbarn Hallbjørn og Kjetil Hasund, som var hans store heltar og på veg til å bli stjerner på Hødd sitt a-lag. Åge snappa opp mange av triksa deira – og terpa på dei mot husveggen når han kom heim til Hareid.

– Eg er imponert over Åge. Det var fleire fotballtalent på hans alder i Hareid, men ingen var så treningsvillige som han. Åge hadde jernvilje. I tillegg hadde han eit godt hovud. Han var flink på skule – og han var snill, fortel ein tidlegare skulekamerat.

Ei venninne frå gymnastida fortel at Åge skreiv namnet sitt over fleire blad i kladdeboka hennar. «Du kan gøyme på det til eg blir berømt», smilte han. Denne venninna dreg også fram Åge si store interesse for geografi, historie og litteratur. Geografi-interessa trur ho kanskje kom av at broren Håvard, som var uteseglar, stadig sende heim postkort og frimerke frå nye plassar han kom til. Heime på Hareid sat Åge med atlas og globus for å lære om desse plassane.

Men ein karriere som vart altfor kort for Åge, var musikant-tida i Hareid skulekorps. Han fekk både skarptromme og uniform, men musikanten måtte etter eit par år vike for fotballsparkaren.

Fotballkarrieren

Som 17-åring spelte Åge sin første kamp på a-laget til Hødd. Frå og med sesongen 1971 var han fast inventar på a-laget fram til sommaren 1975, to av sesongane i eliteserien. Med sin oppofrande og kompromisslause spelestil fekk han tidleg ord på seg for å vere ein vinnarskalle. Åge fekk tilsaman 152 a-kampar for Hødd.

Etter sommaren 1975 begynte han på skatterevisorstudium ved DH i Molde og melde overgang til Molde FK. I mellomtida hadde det vorte landskampar, først på U19- og U21-landslaga. Seinare fekk han tilsaman 50 a-landskampar i tidsromet 1976-86.

I 1981, som 27-åring, fekk han – som den andre nordmannen – proffkontrakt i England, med Manchester City. Førstemann var Nottingham Forest-spelaren Einar Jan Aas. Åge runda av den treårige englandskarrieren som Norwich-spelar. I det som var annonsert som den aller siste kampen scora han med ei heading i 1-1-oppgjeret mot Everton. Dei ordspelande engelske tabloidane slo opp scoringa med overskrifta ”Heading for home”.

Heime i Norge var Åge spelande trenar i Molde eit par sesongar før han gav seg som spelar i 1987 og innleidde ein imponerande trenarkarriere som omfatta klubbane Molde, Hälsingborg, Brøndby, Rosenborg, Ørgryte, Viking og Malmø. Han fekk aldri noko serie- eller cupgull som spelar, men VG kåra han til ”Årets spelar” i eliteserien i 1980. Derimot tok han mange gull som trenar: i 1994 trente han Molde FK til cupgull – deretter tok han cupgull med svenske Hälsingborg i 1998 og svensk seriemeisterskap med same klubb i 1999. Så trente han danske Brøndby til seriegull i 2002 – for så å vende heim til Norge og leie Rosenborg til både cup- og seriegull i 2003. Så kom ein periode som landslagstrenar for Norge (2003-2008) før han i 2014 var tilbake på klubbnivå og trente svenske Malmø FF til seriegull. Gjetord om trenarbragdene hans førte han over Øresund til landslagstrenaroppdrag for danskane åra 2015-2020. Det resulterte i deltaking i både VM- og EM-sluttspel – og Åge vart kåra til ”ridder av Danebrogsordenen”.

Åge avslutta trenarkarrieren som landslagstrenar for Island 2023-2024.

Gløymde aldri røtene

Som den fotballtrottaren Åge vart, også som fast TV-kommentator, gløymde han aldri røtene sine. Han stilte gjerne opp for miljøet kring IL Hødd og barndomsklubben Hareid IL – anten det var som kåsør eller for å kaste glans over viktige hendingar i lokalsamfunnet. Til Hareid IL sitt 75-årsjubileum i 1997 tok han med eit toppa Molde-lag til oppvisningskamp mot eit forsterka Hareid-lag på Hareid stadion – og han stilte opp då den nye kunstgrasbana på Hareid vart opna i 2007.

Det var berre å ringe. Hadde han tid, kom han.

Eit stort bilde av Åge Hareide har lenge hatt ein framtredande plass på veggen i Hareid IL sitt klubbhus – og der blir det heilt sikkert hengande.

– Ein knakande kjekk kar, men han kom med klare meldingar og kunne vere hissig, samtidig som han var både lun og hadde godt humør, fortel dei som kjende han.

Vaksen- og familieliv i Molde

I 1976 hadde Åge gifta seg med Annbjørg Naas, opprinneleg frå Eide. Dei hadde hus i Molde og fekk etter kvart to barn; Bendik (f. 1979) og Anne Henrikke (f. 1984), som har gitt paret fire barnebarn.

Broren Håvard, som slo seg ned i Ålesund, fortel om mange gjestingar i Molde. Både faren Fridtjof og Håvard var ivrige fiskarar – og også Åge skaffa seg båt for å fiske i Moldefjorden. Men bror Håvard meiner han aldri fekk heilt dreis på det:

– Han hadde ikkje tolmod. Kom vi oss ut på fjorden og det ikkje beit med ein gong, ville han heim att, fortel Håvard, og legg til:

– Men han var ein svært triveleg kar – og levande interessert i heimbygda Hareid heile livet. Han snakka ofte om folka i Me-gata og angra på at han ikkje hadde filma dei.

Åge Hareide skal bisetjast frå Molde domkyrkje torsdag 8. januar.