– Eg trur ikkje det vert slik i år, sidan det er på ein fredag og folk flest har fri i morgon, seier trafikkoperatør Lise Kristoffersen ved vegmeldingssentralen Vest.
Tidleg fredagsmorgon melder ho om ei roleg vakt og ingen vegmeldingar i vårt område. Heller ingen meldingar om glatt veg.
– Om det er fordi folk ikkje har kome seg ut på vegen enno, det er ikkje så godt å vite. Det har meldt fint vêr, men det er vanskeleg å spå, seier Kristoffersen som ikkje ventar det store trykket på vakta si.
Statens vegvesen ventar at heimfartstrafikken etter jula i år vil spreia seg over fleire dagar, skriv dei i ei pressemelding.
Første vanlege arbeidsdag etter nyttår fell i år på ein fredag. Mange vil difor ta heimekontor eller fri denne dagen, og dryga heimreisa til første helga etter nyttår. Men det vil også avhenga av vêr- og føreforhold, som kan endra seg raskt på denne tida av året.
Det vert oppmoda om å bruka Vegvesenets prognosetenester i Vegvesen trafikk-appen eller på www.vegvesen.no/trafikk for å planleggja kva dag ein bør reisa.
Fleire trafikkinformasjonstenester frå Statens vegvesen
Du finn alle Statens vegvesens trafikkinformasjonstenester på www.vegvesen.no/trafikk: