Klokka 16:32 fekk politiet melding om ei trafikkulukke med éin bil og to passasjerar involvert. Ulukka skal ha skjedd i nærleiken av Nybøstrondi på riksveg 13 ved Hermansverk.

Det var forbipasserande som melde frå om uhellet. Bilen har materielle skader.

– Uvisst om dei har vore i grøfta, eller køyrt inn i noko. Airbag ikkje utløyst, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.

Bilen sperra det eine køyrefeltet. Føraren har opplyst å ha smerter i ei hand medan passasjeren skal vera uskadd.

– Ukjend hendingsforløp. Politiet er på veg. Ambulanse og brann rykkjer ikkje ut, skriv Kolltveit i loggen.

Bilbergar er rekvirert.

Like før 17:30 er politi og bergingsbil på staden. Det er ikkje mistanke om rus.

– Politiet er i kontakt med dei to involverte. Framstår uskadde. Ikkje behov for helsehjelp.

Politiet avslutta på staden i 18-tida, og bilen var fjerna.

– Bil var på veg mot Leikanger. Køyrde ut på si høgre side og trefte autovernet. Entreprenør er på staden.

Det blir ikkje oppretta sak frå politiet si side.