Klokka 14.36 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på riksveg 15 i Stad, like aust for avkøyringa til Maurstadeidet.

– Bilen ligg på sida, men er ute av vegen. Bilføraren var aleine i bilen, og verkar å vere uskadd, opplyser Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Politi og brannvesen er på staden, men ambulanse har ikkje rykt ut.

Føraren er ein mann i 60-åra.

– Føraren skal ha køyrd inn i ein betongkant eller gjerde og velta over på sida. Det er skade på eit gjerde i enden av ei bru, skriv Kolltveit i politiloggen.

Politiet har ingen mistanke om ruspåverknad, og opprettar ikkje sak på uhellet.