Ifølge straumstanskartet til Arva og Line er 6000 kundar utan straum i Nordland ved 8-tida laurdag.

Tidlegare på morgonen var det 2500 som var ramma.

Tatt av vinden

Tidleg laurdag morgon blei ein garasje tatt av vinden i Finneidfjord i Hemnes kommune på Helgeland.

Ingen personar blei skadde. Garasjen ligg nå over ein veg.

Politiet i Nordland melde om saka like før klokka fem.

E6 Saltfjellet stengt

UVÊR: På grunn av uvêret som rammar blant anna Nordland, blei E6 over Saltfjellet natt til laurdag stengd. Det er usikkert når han kan opne igjen.

Foto: Statens Vegvesen

Åtvarar om kraftige vindkast

Det er sendt ut oransje farevarsel om kraftig vind. Det kan sjå ut som det ligg verst an i Nordland og Sør-Troms.

Vindkasta kan komme opp i 35–44 meter per sekund, ifølge varselet.

Også i delar av Sør-Noreg blåser det kraftig. Det er sendt ut farevarsel på gult nivå om vindkast for Innlandet og Trøndelag.

Oransje farenivå

Oransje farenivå

Blir det meldt om oransje nivå skal du ta det svært alvorleg. Dette er ikkje noko som skjer ofte, og det betyr stor fare. Førebu deg på alvorlege konsekvensar, og tenk deg om en gang til hvis du har planar om å opphalde deg i det aktuelle området.

  • Vêret kan føre til alvorlege skadar
  • Konsekvensane blir store for mange
  • Reell fare for at liv og verdiar kan gå tapt
  • Stengte vegar, innstilte båtar, fly m.m.

Farenivåa for styrtregn blei innført sommaren 2020. Det er relativt nytt, og det er derfor ikkje nok erfaring til å ha eit raudt nivå. Raudt nivå betyr ekstremvêr, og styrtregn åleine varer gjerne over ei avgrensa periode på nokre timar og treff lokalt.

Kjelde: yr.no.

Fare for svært krafige vindkast

Det er sendt ut oransje farevarsel for Nordland og delar av Troms laurdag.

Foto: Varsom.no

Fly og ferjer innstilt

Fleire flygingar i Nord- og Midt-Noreg er laurdag innstilte, særleg på rutene til og frå Bodø.

Tidleg på morgonen viser at åtte avgangar er kansellerte så langt, ifølge.

Disse er innstilte ved 6-tiden:

En gjennomgang ved 6-tiden viser at åtte flygninger så langt er kansellert:

  • WF1302 Bodø–Trondheim–Bergen, avgang 7.30
  • SK4107 Bodø–Oslo, avgang 9.45
  • WF862 Andøya–Tromsø, avgang 9.15
  • WF873 Tromsø–Harstad/Narvik–Bodø, avgang 10.20
  • WF703 Brønnøysund–Trondheim, avgang 10.50
  • WF721 Sandnessjøen–Trondheim, avgang 10.50
  • WF785 Rørvik–Namsos–Trondheim, avgang 11.00
  • WF764 Mo i Rana–Bodø, avgang 11.35

(NTB)

Ferjene på strekninga Bodø–Værøy–Røst–Moskenes (riksveg 80) er heilt innstilt. Fleire avgangar blei også innstilte fredag.

Ferjeavgangane mellom Bognes og Lødingen (riksveg 85) også innstilte, i tillegg til strekningane Forøy–Ågskardet (fylkesveg 17) og Festvåg – Misten (fylkesveg 834), som er sambandet til Kjerringøy.

I Troms er ferjestrekninga Stangnes–Sørrollnes (fylkesveg 848), som knyter saman Harstad og Rolla, stengt, ifølge NTB.

E6 stengt over Saltfjellet

På grunn av uvêret blei E6 over Saltfjellet stengd for all trafikk natt til laurdag.

Vegen er stengd mellom Bolna bom og Sørelva bom, og det er usikkert når vegen kan opne igjen.

I tillegg er ei rekke fly innstilt.

På riksveg 7 over Hardangervidda blei det ved tretida natt til laurdag innført kolonnekøyring for både små og store køyretøy.

Den gjeld mellom bommen ved Leiro i vest og Haugastøl i aust.

Din nettleser støtter ikke innbygging av eksternt innhold

Publisert

27.12.2025, kl. 05.55

Oppdatert

27.12.2025, kl. 08.22