Like før midnatt rykte politiet ut til Fosnavåg etter meldingar om feststøy.
Den som budde på adressa fekk beskjed om at volumet måtte ned.
Litt før 00.30 vart ein tenåring bortvist frå Ålesund sentrum grunna det som blir kalla ei ordensforstyrring.
Ein halvtime seinare var det ein mann i 20-åra politiet måtte hanskast med i Ålesund sentrum.
Vedkomande urinerte på offentleg stad og nekta å fortelje kva han heitte.
Denne personen måtte derfor bli med ein tur til arresten.
Litt etter 01.30 vart det meldt inn ei valdshending i Fosnavåg.
Ingen skal ha blitt skadde, men det blir oppretta sak på forholdet. Ein mann i 20-åra blir meldt.
Minutt seinare var det patruljen i Ålesund som igjen måtte i aksjon.
Ein mann i 30-åra vart bortvist både frå ein utestad og sentrum etter å ha vore rusa og kranglete.
Denne personen kan fort få ein tung laurdag. For til slutt vart han også meldt for å ha urinert i politibilen.
Litt etter 02.00 vart det meldt om ei valdshending i Ålesund sentrum.
Ingen skal ha blitt skadde, men ein mann i 20-åra måtte bli med til arresten etter episoden.
Det vart oppretta sak på forholdet. Politiet legg til at mannen i 20-åra – kanskje ikkje heilt overraskande – var rusa.
Nærmare 02.30 vart det meldt om endå eit tilfelle av ein tenåring som vart bortvist frå Ålesund sentrum.
Vidare vart det meldt om ei valdshending i Sykkylven.
Nattas siste hending i politiloggen var også frå Sykkylven, der ein person nekta å oppgi kva han heitte.